Nynorsk er ikkje konkurransevridande for Posten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk er ingen ulempe for Posten

Samferdsledepartementet la i vår fram stortingsmeldinga «Postsektoren i endring», der dei mellom anna ville frita Posten frå å følgja mållova fordi det kunne vera ei ulempe i møte med konkurrentane.

Under ei høyring med transportkomiteen på Stortinget kom det fram at målkravet ikkje var ei ulempe for Posten. Dei seier det er eit politisk spørsmål, og at dei lever godt med kravet slik det er.

Posten synest òg det er ein fin tradisjon at det står Noreg på 25 prosent av frimerka.

– Nynorsk er inga vesentleg utgift for oss. Me har ikkje rekna på kostnadane, og lever godt med dei gjeldande krava, sa konsernsjef i Posten Noreg AS, Tone Wille.

Det er Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, glad for å høyra. Han meiner dette syner at nynorsk ikkje er noka hindring. (©NPK)

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar mot Vestlandsregion utan nynorsk