Noreg blant verdas beste land for jenter

Ein rapport frå Redd Barna viser dei beste og verste landa å bu i for jenter. Niger er det verste landet i verda, medan Noreg er tredje best.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av 144 land på ei rangering over dei beste og verste landa i verda for jenter, er Niger aller verst. Noreg er på tredjeplass, berre slått av Sverige på førsteplass og Finland som nummer to.

Rapporten måler indikatorar som barneekteskap, ungdomsgraviditet, barseldødsfall, politisk deltaking og utdanning. Av dei ti landa nedst på lista, er alle sør for Sahara i Afrika.

Kvart år blir 15 millionar jenter gifta bort før dei fyller 18 år. I land som Ecuador, Nicaragua, Pakistan og Zimbabwe seier to av tre jenter at dei ikkje kan ta viktige avgjerder som handlar om deira eige liv.

Sameinte nasjonar (FN) markerer 11. oktober som den internasjonale jentedagen. (©NPK)

Les også intervjuet med forfattarane bak 60 damer du burde møtt: – Vi er over gjennomsnittet interessert i damer