Skjult sanning om skjult mobbing

Sigrid Sørumgård Botheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Gutar slåss og gjer opp med kvarandre der og da, medan jenter driv meir med psykisk terror.» Har du òg høyrt denne påstanden? Kanskje har du tenkt det sjølv? Eg har sagt det mange gonger: «Jenter er meir utspekulerte enn gutar.» Men dette stemmer faktisk ikkje!

Framtida.no skreiv for ei tid sidan om ein studie om mobbing av Ingunn Eriksen (NOVA) og Selma Therese Lyng (AFI). Dei fekk stadig høyre at det var jentedrama som var problemet, men det skulle vise seg at funna deira var heilt motsett. Gutar er like utsett for skjult mobbing som jenter. Studien viser òg at gutar både mobbar og blir mobba meir enn jenter.

Kvifor etablerer slike sanningar seg, dersom dei ikkje stemmer? Tidlegare reagerte ein hovudsakleg på direkte og fysisk mobbing. Her var gutar klart i fleirtal. Når ein seinare oppdaga at jenter mobba meir i skjulte, har ein studert det utelukkande som eit jentefenomen. Men kjønnsskilnaden ligg ikkje fyrst og fremst i måten ein blir mobba på, men moglegheita for å få hjelp. Fordi det har vore mykje større merksemd rundt skjult mobbing blant jenter, har det vore vanskelegare for gutar å faktisk forstå at dei har blitt mobba.

Når gutar har opplevd å bli utfryst, har dei ikkje tolka det som mobbing – men som at dei faktisk er mindre viktige enn dei andre.

Tanken om at det må vera skilnad mellom kjønna, gjer at ein blir blind for det som faktisk skjer – ein får berre auge på det ein leiter etter, og ser ikkje ting slik dei faktisk er. Dette er skadeleg for båe kjønn. Det er lett å tenkje at likestilling handlar om kvinner, men å generalisere er dumt for alle. Da ser ein kjønn framfor å sjå enkeltmenneske.

Når gutar lèt vera å seia i frå om vanskelege ting fordi det er «jentete», da har vi eit problem. Både fordi det går utover dei som fell utanfor dei etablerte sanningane om kjønna, og fordi det å vera «jentete» eller «feminin» blir brukt som noko negativt.

Dette gjeld ikkje berre mobbing, men alle sider i samfunnet. Om ein leiter etter ting som kan stadfeste kjønnsskilnadar, vil ein alltids finne det. Spørsmålet er kor nyttig det er.

Eit kjapt søk på google med søkeorda «jenter + gutar + mobbing» viser ein stor variasjon i dei overskriftene som dukkar opp. «Gutter og jenter mobber likt» seier ein artikkel frå forsking.no. Blant fakta om mobbing frå Uni Research står det at langt fleire gutar enn jenter mobbar, og at det ikkje er nokon skilnad på kjønna når det gjeld digital mobbing.

Samtidig dukkar ein artikkel frå NRK Super opp som heiter «Hvorfor mobber jenter mer enn gutter?». Ei personleg historie frå ei jente som har opplevd å få stygge meldingar på Snapchat blir fylgt opp med ei avstemming over kvifor jenter mobbar mest på nett. Svaralternativa er 1) fordi jenter er meir på nett og sosiale medium 2) fordi ein er sjalu 3) fordi det er lettare når ein ikkje ser personen 4) jenter er meir kranglete.

Det er synd at ein seriøst aktør som NRK Super opprettheld slike falske oppfatningar, når forskinga seier noko anna. Det er på tide at vi sluttar å vidareføre denne usanne sanninga.