Hovlandsk odyssé gjennom dødsriket

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er alltid stort når Ragnar Hovland kjem med nye bøker. Om noko skulle skje er den første ungdomsboka han har gjeve ut på ti år.

Historia byrjar med at kjærasten til hovudpersonen Reiner døyr. Han sørgjer slik over henne at han ikkje vil leva meir. Gjennom tre år eldre Percy blir han kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod han ikkje kan seia nei til. Han blir nemleg med til det hinsidige, og tar ferja over til dødsriket. Om noko skulle skje byggjer på myten om Orfeus og Evrydike.

På reisa gjennom dødsriket møter me talrike karakterarfrå litteraturhistoria.

– Eit skåp, sa eg. – Eller ein kommode.

– Eit skåp, sa Kapteinen. – Kom.

– Eit skåp, ja, sa Percy. – Då manglar vi jo berre ei løve og ei heks.

Referansen til C. S. Lewis og Narnia-bøkene er berre éi av mange. Alice i Eventyrland, Huckleberry Finn, Skatten på sjørøverøya, Hunden fra Baskerville og Percy Jackson og Lyntyven er nokre andre. Referansane til den klassiske litteraturen er av og til mindre klåre, men likevel underhaldande. Kanskje vil det lokka fleire til å lesa dei gamle klassikarane?

Det tar litt tid før eg lever meg inn i boka. Kjæresten Ingrid døyr utan at det står direkte skrive, og utan at eg som lesar har blitt kjent med henne og kjærleiken mellom ho og Reiner. Dermed uteblir noko av sympatien for Reiner. Heile boka kan bli litt forvirrande for ein lesar som forventar ei spenningsbok eller meir vanleg komponert roman. Til tider er det mykje dialog, men det er ofte der det komiske ligg.

For meg er episodane og karakterane dei møter på vegen som er det beste med boka. Det blir på mange måtar ein skakk roadmovie, eller odyssé, som dei kalla det før.

Bilen som dei endar opp med å køyra, blir skubba av to menn, og sjølvsagt er det null mobildekning i det hinsidige.

– Vi liker gode historier, viss dei er godt fortalde! seier karakteren Rummel i boka.

Om noko skulle skje har ei mengd gode og godt fortalde småhistorier i éi større historie. Boka inviterer til å bli fortald vidare.

LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Ungdomsbøker er ein nokså meiningslaus sjanger

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!

Faktaboks

Ragnar Hovland
Om noko skulle skje
Roman
Samlaget 2016