Samarbeidspartia, opposisjonen og miljørørsla rasar mot statsbudsjettet.

mm

– Regjeringen har lagt fram eit statsbudsjett som gjer skam på Paris-avtalen. Statsbudsjettet stinkar asfalt, drit i miljøet og gravlegg norsk klimatruverde. No må Stortinget ta grep på vegne av komande generasjonar, seier leiar i Natur og Ungdom, Ingrid Skjoldvær i ei pressemelding.

Sjå godt på desse tala frå statsbudsjettet. Dei viser korleis utsleppa frå Noreg vil utvikla seg fram til 2030:

Regjeringa reknar sjølv med ein utsleppsreduksjon på 2 prosent i Noreg fram til 2030. Det er langt unna målet om å kutta 40 prosent.

Leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit (bildet), meiner regjeringa sviktar klimaet totalt.

– For kvart år me ventar blir kostnadene med å nå måla bli større. Noreg treng grøne varige arbeidsplassar og lågare klimagassutslepp, ikkje at me skyv fleire rekningar framfor oss, seier han til Framtida.no.

Klima og bistand
KrFU seier i ei pressemelding at dei er glade for at Regjeringa har forstått at 1%-kravet til bistand er urokkeleg for KrF og KrFU. Samstundes er dei skeptiske til å inkludera klima og miljø i bistandsprosenten.

– Det er uakseptabelt at Regjeringa enno ikkje har skjønt at klima og miljø ikkje skal vera ein del av bistandsprosenten. KrFU meiner ein må skilja klimatiltaka ut frå bistandsmidla for å sikra seg at begge delar vert best mogleg. Slik vert det lettare å sikra seg gode, målretta tiltak, slik at vi kjem i mål både når det gjeld klima og bistand, seier Martine Tønnessen, nestleder i KrFU.

– Eit budsjett for klimafornektarar
Nasjonal talsperson i Grøn Ungdom, Laga Nøst, seier at budsjettet vil gleda klimafornektarane i Frp, medan ungdom og framtidige generasjonar må ta rekninga.

– Med dette tempoet vil det ta nesten 250 år å redusera utsleppa så mykje som me har lova, seier Nøst.

– For kvart gram CO2 vi tilfører atmosfæren no, blir det vanskelegare og dyrare å løysa klimautfordringa. Regjeringa har late høvet til å sparka igang eit ekte grønt skifte gå frå seg i kvart einaste budsjett i heile denne perioden. No fell ansvaret for omstillingen på generasjonen min, seier Nøst.

Dyrare å forureina
Regjeringa føreslår å auka avgiftene på utslepp av klimagassar og på bruk av drivstoff med til saman 1,6 milliardar kroner. Det vil kunna gje utsleppskutt på 0,2 millionar tonn CO2-ekvivalent, ifølgje regjeringa.

Bensin- og dieselavgiftene blir sette opp med høvesvis 15 og 35 øre. Dei auka bilbruksavgiftene blir balanserte mot reduserte bilrelaterte avgifter på andre område, slik at den samla økonomiske belastninga på bileigarane og transportsektoren blir lågare neste år.

Løyvingane til motorveg aukar med 3 milliardar. Utsleppa i vegtransport er forventa å auka med 7,4 prosent innan 2030 .

Les siste nytt om statsbudsjettet her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE