– Horoskop bør ut av norsk presse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viss ein søker på horoskop på Google, vil svært mange heimesider og medier tilby deg horoskoptenester. Til samanlikning er det få, nesten ingen, nettstadar som gir noko særleg informasjon om horoskop – kva dei er, korleis dei blei til, og i kva grad dei har noko vitskapeleg grunnlag. Den einaste lett tilgjengelege er Wikipedia, som i seg sjølv ikkje er den beste vitskapelege kjelda.

Likevel kan ein finne sitt personlege horoskop i mange seriøse aviser, vekeblad og magasin. KK, Sol.no, Elle, Kvinneguiden, Startsiden.no og Cosmopolitan er berre nokre av norske medium som tilbyr horoskop.

Kvifor er fredag 13. ulykkesdagen? Les historia her!

Klaga til KK
Det reagerte Linda Isabelle Marigård (24) på. Ho sende inn klage til KK. I lesarinnlegget skriv ho:

«Problemet er at det ikke er tydelig at horoskopet kun er for underholdningsformål og ikke er ment til å tas seriøst. Astrologi er ettertrykkelig blitt avvist av vitenskapen. Vi er helt sikre på at posisjonene til himmellegemer ikke påvirker personligheten til mennesker eller hendelser på jorda. Jeg håper at KK vil oppfordre sine lesere til å tenke kritisk. Det er viktig at mennesker i alle aldre lærer hvilke kilder som er troverdige og hvilke som burde unngås. Jeg antar at KK helst vil bli sett på som troverdig. Det beste er å fjerne horoskopet helt. Eller i hvert fall at dere gjør det tydelig at det kun er ment som underholdning.»

Nokre tar horoskop seriøst
– Det var berre ein kjapp mail eg sende, fordi eg blei overraska over at kvinneblad framleis har horoskop. Eg er veldig opptatt av vitskap og å fremje kritisk tenkning, så eg følte at eg måtte uttale meg, fortel Marigård.

Ho meiner at medier med stor makt har eit ansvar, og at ein burde kunne stole på at det som trykkast i norsk presse faktisk er sant.

– No er jo horoskop meint som underhaldning, men det finst framleis folk som tar det seriøst, mellom anna fordi det er framstilt på ein seriøs måte. Viss ei sak ikkje kan bli støtta av vitskap, burde ikkje norsk presse trykke det, meiner ho.

På klagen svarte KK: «Takk for mail og konstruktiv tilbakemelding. Vi tar det du sier til etterretning, men kan dessverre ikke kutte ut horoskop, da det er en veldig populær spalte blant våre lesere. Vi håper også at våre lesere (og de fleste andre) er klar over at astrologi ikke er en vitenskapelig basert «sannhet», og dermed tar det som står med en viss «klype salt».

– Eg blei litt skuffa over svaret. Det virkar som om dei er redde for å tråkke folk på tærne, eller av å få misnøgde lesarar. Det eg reagerer på, er at dei oppmodar folk om å ta horoskop seriøst. Til dømes når ein ser «STORT HOROSKOP – sjå kva du har i vente til hausten!», på forsida. Dei seier jo sjølv at horoskop ikkje er vitskapeleg.  

Høyrt uttrykket: «Når alt går til hundane?» Les om hundedagane her!

Blir ikkje tatt seriøst
Førsteamanuensis i medievitskap ved Universitetet i Bergen, Brita Ytre-Arne, trur horoskop i liten grad blir tatt alvorleg.

– Det er interessant at det ikkje er meir debatt om horoskop i medium, men det er nok eit teikn på at sjangaren ikkje blir tatt seriøst.  

Ytre-Arne trur at horoskop har vore vanleg i norske vekeblad og aviser i nokre tiår, kanskje endå lenger.

– Horoskop er ein type småstoff som gjerne inngår som fast innhald i bladet. Med design og plass i bladet, er horoskopet lett å kjenne att. For mange lesarar blir desse fort lest og fort gløymd.  

Horoskop er godt besøkt
Kan det tenkast at horoskop kan få stor påverknad på lesarane?

– I ei lesarundersøking vil mange krysse av for at dei alltid les horoskop, og derfor er det viktig for blada å tilby dette vidare.  Det betyr ikkje at horoskop gjev noko dypt inntrykk, og eg trur ikkje at mange lar kvardagen bli prega av horoskopet. Dei som verkeleg trur på astrologi vil nok heller oppsøke personlege spåtenester, der spådommane vil få sterkare effekt – fordi dei er meir personlege.

Likevel viser forsking at horoskop kan ha større makt i å påverke folk sine liv enn det ein trur. Ifølgje ein amerikansk studiesom er omtalt i The Telegrapher ikkje horoskop berre uskyldig moro, men kan også gjere livet surt for dei som er hekta. Dessutan kan astrologiske tenester som spåing koste mykje pengar. Sabrina, Khibra Eliza Elisabeth tar på Sol.no32,90 kroner kvar per minutt på telefonen. Det er heile 1974 kroner per time.

– Eg har ikkje lesartala i hovudet, men horoskop hjå Sol.no er godt besøkt, seier ansvarleg redaktør Jan Thoresen. Han er også digital redaktør i Aller Media, som utgjev KK.

Kvifor nyttar Sol horoskop, som ikkje er vitskapeleg basert?

– Horoskop ser vi på som uskyldig underhaldning, som mange liker å følge med på. Vi har ikkje noko ønske om at det skal vere vitskapeleg, men vil gjerne at det skal vere spennande for folk.  

Det har ikkje lykkast Framtida.no å få direkte kontakt med KK. 

Faktaboks

Innan astrologi er horoskop ei skildring av eit menneskeliv og personlegdom basert på utsjånaden til stjernehimmelen då personen vert fødd.

Namnet horoskop kjem frå det greske «hora» (time) og skopa (å betrakte), altså å betrakte timen.

Horoskopet skal kartlegge ein person sin skjebne gjennom kombinasjonen fødselsdato, fødselstid og fødestad.

Sjølv om personar kan erfare at horoskopet sitt stemmer, er dette ikkje blitt vitskapeleg verifisert.

Kjelde: Store Norske Leksikon/ Wikipedia