I den siste romanen sin har Ragnar Hovland funne inspirasjon i myten om Orfeus og Evrydike. Han er ikkje den første. Her finn du 11 andre tolkingar av den klassiske forteljinga – frå epos og opera til rock og anime.

mm
Faktaboks

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om verdsklassikarar i nynorsk omsetjing. Les fleire artiklar i serien her!
Artikkelserien er støtta av Norsk Kulturfond.

LES FAKTALUKK FAKTA

I gresk mytologi er Orfeus son av guden Apollon og far til diktarkunsten. Når han spelte på lyra si fekk han dyr, elvar, tre og steinar til å følgja seg. Då kona hans, Evrydike, døyr av eit slangebitt, bestemmer Orfeus seg for å fara ned til dødsriket for å vinna henne tilbake.

Han speler og syng så vakkert at Hades, kongen av dødsriket, gir han Evrydike tilbake – på eitt vilkår: Evrydike må gå bak Orfeus på vegen ut, og han må ikkje snu seg før dei begge er oppe i dagen. Når han likevel snur seg på veg ut, fell Evrydike tilbake til dødsriket, og Orfeus mister henne for godt.

Les intervjuet med forfattar Ragnar Hovland, som byggjer på Orfeus og Evrydike i Om noko skulle skje!

1. Filosofi: Platon, Gjestebodet (ca 380 f.kr.)

Ein av dei første som skriv om historia er filosofen Platon. I Gjestebodet eller Symposium, held aristokraten Faidros ein tale til ære for kjærleiksguden Eros. Faidros meiner Orfeus blei straffa av gudane fordi han var feig som ikkje følgde Evrydike i døden, slik ein ekte romantisk helt ville gjort. Me les i Eirik Vandvik si nynorske omsetjing:

«Men Orfeus laut fara opp att frå Nåheimen med ugjort ærend og fekk berre sjå eit skuggebilete av kona han skulle henta. Gudane let han ikkje få henne fordi dei tykte han var reddhuga, som sitarspelemenn gjerne er. Han torde ikkje gå i døden for kjærleiken liksom Alkestis, men skulle plent fara levande ned til Nåheimen.»

2. Dikt: Ovid, Forvandlingar (8 e.kr.)

«Alle» som seinare har gjort bruk av myten om Orfeus og Evrydike, har bygd på den dramatiske forteljinga til den romerske diktaren Ovid. Forvandlingar er forresten ein del av inspirasjonen til Franz Kafkas Forvandlinga, som Jon Fosse no har omsett til nynorsk.

Ovid legg til ein interessant detalj: Etter det endelege tapet av Evrydike, mistar Orfeus interessa for kvinner og blir homoseksuell – faktisk var det han som lærte menna i Trakia å elska gutar! Seinare har denne detaljen som regel blitt utelaten frå historia.

3. Opera: Claudio Monteverdi, L’Orfeo (1607)

Opera oppstod i Europa som ei «gjenoppliving» av dei klassiske greske komediane og tragediane, og mange av dei tidlege operastykka henta handlinga si frå greske mytar – ikkje minst nettopp Orfeus og Evrydike. Monteverdis L’Orfeo, som byggjer på Ovid si forteljing, er det eldste stykket som framleis blir oppført jamleg på operascenar i dag.

4. Meir opera: Jacques Offenbach, Orfeus i underverda (1858)

I denne parodiske versjonen av historia hatar Orfeus og Evrydike kvarandre, og Orfeus går saman med kongen av dødsriket (som sjølv er forelska i Evrydike) for å få ho drept.

Nede i dødsriket har gudane ein stor fest, der dei mellom anna dansar til ein melodi som alle i dag kan, sjølv om få veit at han har noko med Orfeus og Evrydike å gjera – du kan kanskje syngja med på teksten «Eg kan noko ikkje du kan, eg kan dansa can-can…»

Denne melodien er mellom anna brukt i filmen Moulin Rouge (2001), og regissør Baz Luhrmann har sagt at også denne filmen er laust basert på myten om Orfeus og Evrydike-myten.

5. Film: Marcel Camus, Black Orpheus (1959)

I denne brasilianske filmen  tar forteljinga plass i ein favela, eit slumkvarter, i det moderne Rio de Janeiro under karnivalet. Filmen vann ein Oscar for beste framandspråklege film. Songen «Manhã de  Carnaval» frå filmen er blitt ein bossa nova-klassikar som ofte blir framført med tittelen «Black Orpheus».

6. Manga/anime: Masami Kurumada, «Saint Seiya» (1986-1991)

Orfeus og Evrydike dukkar opp i denne japanske teikneserien, som også er gjort til ein animert TV-serie. Her kan karakteren Lyra Orphee mellom anna bruka strengene på lyren sin til å gi fiendane elektrisk sjokk. Her kan du sjå historia fortalt på japansk med spansk undertekst:

7. Roman: Salman Rushdie, «The Ground Beneath Her Feet» (1999)

Rushdie byter ut lyra til Orfeus med rock. Uti boka syng «Orfeus»-karakteren, som også byggjer på Elvis Presley, John Lennon og Freddie Mercury, ein sørgjesong til sin «Evrydike». U2 har sett melodi til denne songen, som har fått same tittel som boka og er spelt inn til filmen The Million Dollar Hotel.

8. Teater: Sarah Ruhl, Eurydice (2003)

I dette teaterstykket får myten ein feministisk vri, i det historia blir fortalt frå den kvinnelege hovudpersonen sin ståstad. Her er det Evrydike som ropar på Orfeus slik at han snur seg – kanskje fordi ho er i tvil om ho vil bli med han eller bli i dødsriket.

9. Nick Cave, «The Lyre of Orpheus» (2004)

Dei siste åra har ei rad pop- og rockmusikarar tatt fatt i Orfeus og Evrydike. Den australske rockepoeten Nick Cave ut gir ein mørk og komisk tvist på forteljinga i sin song: Orfeus råkar til å ta livet av Evrydike når han speler, og irriterer Gud så mykje at han sjølv blir send til dødsriket. Der blir ikkje Evrydike glad for å sjå han og lyra hans:

«Eurydice appeared brindled in blood, and she said to Orpheus
If you play that fucking thing down here, I’ll stick it up your orifice!»

10. Anaïs Mitchell, Hadestown (2010)

Då den amerikanske folksongaren og låtskrivaren Anaïs Mitchell ville fortelja historia om Orfeus og Evrydike på nytt, nøya ho seg ikkje med berre ein song – ho laga eit heilt album. Opningssporet «Wedding Song»er ein duett mellom Evrydike og Orfeus, der Justin Vernon (Bon Iver) bidrar med mannsrøysta.

11. Arcade Fire, «It’s Never Over (Hey Orpheus!)» (2013)

Denne godbiten av det populære kanadiske indierock-bandet er éin av to songar om Orfeus og Evrydike på albumet Reflektor (2013). Den andre heiter «Awful Sound (Oh Eurydice)».

BONUSSPOR: Ungdomsroman: Ragnar Hovland, Om noko skulle skje (2016)

Les intervjuet med forfattaren her!

Oppdatert: laurdag 28. oktober 2017 14.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE