– Ungdomsbøker er ein nokså meiningslaus sjanger

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdomsbøker er ein meiningslaus sjanger

– Ein kan ikkje alltid forklare kor ideane kjem ifrå, eller kvifor dei kjem. Kvifor akkurat det og ikkje noko anna, men eg hadde lyst til å laga ei kjærleikshistorie og på eitt eller anna tidspunkt kom Orfeus og Evrydike til meg, seier Ragnar Hovland.. Under lanseringa av den nye ungdomsromanen sin medgav han å ha «stole skamlaust».

I Om noko skulle skje har han latt seg inspirere av ei av verdas grunnleggjande historier. Myta om lyrespelaren Orfeus som reiser ned til dødsriket for å hente heim sin Evrydike har inspirert mang ein kunstnar før han. Her er elleve andre tolkingar – frå opera til anime!

– Eg ville forholda meg ganske fritt til han. Det er ikkje noko lærebok. Det var ein meldar som meinte eg burde laga meir ei introduksjonsbok til greske mytar for ungdom, men det var absolutt ikkje tanken, seier Hovland, og legg til:

– Men eg er jo litt grei og har med originalhistoria i litt omskriven versjon.

LES OGSÅ: Kva er det som gjer Belsvik-bøkene til klassikarar?

Orfeo og Elvira
I Hovland sitt univers får nemleg unge Reiner høyra historia om Orfeo, som reiste til underverda for å henta Elvira. Det har med andre ord blitt gjort før i historia og Reiner får veta at dette ikkje gjekk heilt etter planen, utan at heile myten vert avslørt.

Det stoppar ikkje Reiner frå å ta med seg eit munnspel og prøve å hente opp si Ingrid. Han får god hjelp av Kapteinen og Gule Hund – som fort får lesaren til å tenkja på to figurar frå belgiske George Remi sine Tintin-forteljingar.

Vegen til underverda er eit klesskåp, som manglar både løve og heks. I sekken har våre heltar salta kjøt, skipskjeks og brennevin på ei lommelerke. I underverda treng ein nemleg titt og ofte ein oppstivar, for å ikkje svime av. Undervegs mimrar Reiner attende på tida og samtalane han hadde med Ingrid, før ho vart sjuk og døydde.

Etter å ha teke ferja over elva, som me òg kjenner frå mytane, får dei hjelp av detektiven Harry Nilfisk og assistenten Moleskine. Menneska dei møter har gløymt mykje av livet før og det er slett ikkje slik at alle som døyr kjem til den same verda, så er Ingrid der i det heile?

LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Kom deg ut!

Ferjekvinna og hunden frå Baskerville
– Ramma er Orfeus og Evrydike, men korleis det såg ut i underverda eller dødsriket, ville eg stå fritt til å bestemme sjølv. Men det var freistande å ha med elva, og når ein skulle ha ei ferje, så kunne ho likna på ei vestlandsferje med respatexbord, smiler Hovland.

Ferjemannen Caronte har blitt til den mystiske kvinnelege kapteinen Karen. Og hunden Kerberos har ikkje noko namn, men er eit stort og fryktinngytande beist, som travar over heile underverda og vert vert samanlikna med hunden frå Baskerville.

For dei som ikkje tek referansen er det ei historie frå universet til sir Arthur Conan Doyle sin klassiske detektivhelt, Sherlock Holmes. Denne hunden har Hovland støtt på fleire gonger, både i barnediktsamlinga Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (2007) og då han nokre år seinare omsette Hunden frå Baskerville til nynorsk.

LES OGSÅ: Maria Parr har omsett klassiske eventyr til nynorsk

Engelsk Wonderland
– Det verste eg kunne gjere var å prøva å skriva realistisk. Realismen, den gjeld ikkje meg, konkluderer 64-åringen.

Underverda i Om noko skulle skje er eit slags «wonderland» – med ein merkeleg logikk inspirert av verda som Lewis Carroll for over 150 år sidan kasta Alice inn i. Hovland møtte først historia i norsk drakt då han var liten, men det var først då han sjølv leste boka i 20-åra at ho fall i smak.

Alice in Wonderlandhar forfattaren referert tidlegare, i likheit med Huckleberry Finn av Mark Twain og Store forventninger av Charles Dickens. Ei anna bok han stadig kjem attende til er Stuart Mus, eller Stuart Little.

– Er du redd for å skriva over hovudet på lesarane med alle desse referansane?

– Nei. Eg vil gjerne utfordra dei litt. Det verste eg kunne gjere var å sikte for lågt, så eg gjer som Olav H. Hauge og siktar litt over, smilar Hovland, som er litt skeptisk til heile sjangeren ungdomsbøker.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette

– Meiningslaus sjanger
– Eg veit ikkje kor mange unge som les ungdomsbøker i det heile teke. Det er jo den alderen då ein les lite. Jenter les jo gjerne meir enn gutar og dei som les, les gjerne vaksenbøker. Om ein tenkjer litt kynisk så er det ein nokså meiningslaus sjanger.

Forfattaren meiner det er det viktig at klassikarane ikkje vert noko som ein vert tvungen til å lesa, men heller noko som lesaren finn vegen til på eiga hand.

– Så kva er det som gjer ein klassikar til ein klassikar og er aktuell den dag i dag?

– Det har eg prøvd å seie noko om tidlegare. Det er ikkje heilt enkelt. Men det er ei bok som har levd ei stund og som blir lesen den dag i dag og som var mykje lesen i si samtid. Det må vel bety at det er nokre historier som er allmenngyldige og som varer, sjølv om det føregår i ei heilt anna tid, svarar Hovland, og legg til:

– Så har det med språket å gjera. At det er godt skrive. Gode setningar, seier forfattaren, som mellom anna har fått bryna seg på å omsetja Roald Dahl til nynorsk.

LES OGSÅ: Feirar Roald Dahl med ny nynorsk gjendikting

Stuart Little-filmen
Er det fare for å slite ut originalverka når dei vert brukt om att og om att i nye samanhengar?

– Eg vil ikkje seie det. Det er større sjanse for at dei blir øydelagt av dårlege filmatiseringar. Eg synest ikkje Stuart Little-filmane er spesielt bra i forhold til boka. Det er jo meir actionfilmar og er absolutt ikkje noko typisk actionbok.

Om du skulle omsett nokre klassikarar til norsk, kva skulle det vore?

– Det før nemnde Stuart Mus er eigentleg ei ganske gammal omsetting frå 1940-talet, så den kunne eg tenkt meg å omsette på nytt til nynorsk. På den tid fornorska ein og forenkla ein del. Så ein går glipp av dei gode poenga i originalen.

Faktaboks

► Torsdag 6. oktober strøymer Framtida.no Jon Fosse som les frå Forvandlinga live klokka 12.
► Fosse har for fyrste gong omsett Franz Kafka sin klassikar til nynorsk på forlaget Skald. Opplesinga er Fosse si fyrste på mange år.
► Livesendinga på Facebook fortset frå Stord og deretter frå Jostedalen, med lesing frå resten av forteljinga.
► I samband med dette ynskjer me å setja fokus på korleis klassikarane er aktuelle i dag.

Denne artikkelen er ein del av ein artikkelserie om verdsklassikarar i nynorsk omsetjing. Les fleire artiklar i serien her!
Artikkelserien er støtta av Norsk Kulturfond.