Modellering av temperaturen på landjorda dei siste 2 milionar år indikerer opp mot 5 grader temperaturauke dei neste par tusen åra. 

mm

Denne veka publiserte Nature ein studie av Caroly W. Snyder, klimaforskar ved Stanford University i California. Snyder har modellert den gjennomsnittlege overflatetemperaturen på jordkloden dei siste 2 millionar år, basert på svært samansette data og rekonstruksjonar. 

Studien viser korleis overflatetemperaturen vart sakte lågare fram til om lag 1,2 millionar år sidan. Endringane i overflatetemperaturen har vore tett kopla til mengda av klimagassar i atmosfæren, også gjennom dei siste istidene.

Datamaterialet kan også nyttast for å forutseie temperaturendringar i framtida. 

Snyder skildrar det slik:

«Dette resultatet indikerer at stabilisering av dagens nivå av klimagassar kanskje allereie fører til ei eventuell oppvarming av jordkloden på 5 grader Celisius over dei neste tusenåra, ettersom isdekke, vegetasjon og støv i atmosfæren responderer på global oppvarming.»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE