Satsar på berekraftig netthandel – ned til minste teipbit

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Professor spår grøn revolusjon

– Me byrja å sjekka leverandørar og merkevarer. Det var slik me vart kjent med den økologiske, etiske og miljøvennlege delen av klesindustrien – og ikkje minst den ikkje fullt så etiske og miljøvennlege delen av industrien, fortel Joakim Blicher.

Saman med kameraten Odd-Erik Zimmer har han starta nettbutikken Joeferal.no, som i dag tilbyr solbriller, sandalar og tilbehør i økologisk og berekraftige materialar, produsert på ein etisk måte.

Sidan oppstarten før sommaren har dei to kameratane investert rundt 100.000 i bedrifta, som vert drive heimefrå. På sikt er målet å utvida sortimentet og leva av si eiga bedrift.

LES OGSÅ: Sigmund (28) startar klesfabrikk i Kina 

Håpar på permanent trend
Zimmer meiner å sjå ei aukande interesse for etiske og økologiske varer.

– Internasjonalt er det eigentleg ganske lett å finna gode alternativ. Me såg at i Noreg er det ikkje det. Det er veldig lite fokus på det. Det typiske er at dei store merka har ein viss prosentdel med økologisk bomull, som då kostar relativt mykje meir.

Men det er ikkje fritt for at det må det ein del opplæring til.

– Me meiner at fleire burde bli bevisste. Alternativa finst. Det er berre lommeboka som styrer. Om ein bevisst vel å kjøpa ting som er produsert på ein ordentleg måte og bevisst seier nei til det som ikkje er det, så tvingar du dei som er tradisjonelle i dag til å endra seg. Det er jo det me håpar på, seier Zimmer.

LES OGSÅ: Bryr me oss om dei som lagar mobilane våre? 

«Greenwashing»
Professor ved NTNU og Institutt for marknadsføring på Høyskolen Kristiania, Arne Nygaard, ser absolutt ei trend der etikk er vorte ein meir eksplisitt del av marknadsføringa.

– Eg vil seia at det er ei positiv trend, som marknaden reagerer positivt på. Rundt ein tredel av marknaden er miljøbevisste kundar, der miljø og etikk speler ei viktig rolle for vala dei gjer. Desse er først og fremst høgt utdanna og difor eit meir kjøpekraftig publikum, fortel Nygaard, og legg til at utviklinga difor vert drive fram av ein ambisjon om å dekkja ein lønsam og veksande del av marknaden.

– Problemet for oss som konsumentar er at  me kan lett la oss lura av grøne og blå logoar. At det er lønsamt og gjev eit positivt omdømme å vera ei bedrift som er miljøvenleg og berekraftig, gjev moglege insentiv til «greenwashing». Det er difor grunn til å vera på vakt.

Volkswagen og hestekjøt
Nygaard viser til Volkswagen sin BlueMotion-teknologi, som viste seg å vera manipulering med tal og fakta. Med ein ofte lang og komplisert produksjonskjede har produsentar og marknadsførarar moglegheiter for å underrapportera om dei faktiske forholda.

I 2011 kunne ein lese at ein tredel av alle leiker produsert i Kina inneheldt tungmetall, noko som råka fleire kjente merkevarer. Og i 2013 viste hestekjøtskandalen at Nestlé ikkje hadde kontroll på produksjonskjeda si. Året etter raste ein fabrikk saman i Bangladesh og drepte over 1130 menneskjer.

– I såkalla «fast fashion» er det fleire av dei etablerte kjedane som har hatt eit etisk problem, som alle no jobbar med. Det er prisen me betalar for ei lang nærings- og verdikjede. Det er vanskeleg å vete kva dei held på med i Kina, seier Nygaard.

LES OGSÅ: Barnearbeid i fabrikkar før London-OL 

(Saka held fram under biletet.)

Odd-Erik Zimmer og Joakim Blicher Joeferal.no

«Sweatshop»
Joakim Blicher trur at mange har fått med seg at noko er ullent i klesindustrien, mellom anna takka vere webserien «Sweatshop», som er produsert av Aftenposten i samarbeid med Framtiden i våre hender.

Gründerane ser at dei har ein jobb å gjera når det gjeld å nå ut til forbrukarar som i dag ikkje er bevisste på problemstillinga.

Målet er å visa at ein kan få dei same gode produkta – eller forhåpentlegvis betre – enn dei som lagast i dag, som i tillegg er produsert på ein ordentleg måte.

Dei produserer ikkje varene sjølv, men har valt leverandørar som er sertifisert under internasjonal ordningar, til dømes B Corporation, og er opne om opphav til materiala, produksjonsmåte og arbeidskontraktane til dei tilsette.

Joeferal.no fører i dag solbrillemerket Proof, som er utvikla av ei familiebedrift i USA og produsert av ei anna familiebedrift i Kina. I tillegg har dei det Bali-baserte skomerket Indosole, som har teke ansvar ved å eiga heile produksjonskjeda.

For dei to gründerane er ambisjonen at alt skal vere heilt og halde økologisk og berekraftig. På nettsidene kan ein lesa at sjølv teipen er av resirkulerbar plast og at varene vert sendt som klimanøytral post.

LES OGSÅ: Hareide vil gjera det lettare å handla etiske klede 

Sertifiseringsordningar
Blicher meiner at makta ligg hjå forbrukaren, men at ein har ein veg å gå når det kjem til informasjon. Her håpar han at myndigheitene og andre organisasjonar vil koma på banen for betre merkeordningar, som gjer bransjen meir gjennomsiktig.

– Det ser ein jo sjølv når ein freistar å finna ut kvar kleda er laga. Det er ganske vanskeleg å finna ut både kor kleda er laga og kor materiala kjem frå, påpeikar Blicher.

Gründerane får støtte frå professor Nygaard, som meiner at gode sertifiseringsordningar, ei vaktsam presse og sosiale medium er viktige for å sikra at produksjonen skjer på ein forsvarleg måte på berekraftig måte.  

(Saka held fram under biletet.)

Odd-Erik Zimmer og Joakim Blicher Joeferal.no

LED og Tesla
Marknadsføringseksperten har ikkje tru på at politikarane kan «regulera oss vekk frå problema», men at bransjen må utvikla grøn teknologi som forbrukarane vil ha.  Her peikar han på suksesshistoriar som LED-teknologi og Tesla

– Ein må produsere grøn teknologi som konsumentane ynskjer, då kan me få ein grøn revolusjon. Miljøbevegelsen går i retning av reguleringar, som vil hindra marknaden i å utvikla grøn teknologi. Det må me å passe oss for, åtvarar Nygaard og legg til:

– Me må ha fleire tankar i hovudet. Og me som forbrukarar må leggja til berekraftskriteriet i vår kjøpsåtferd slik at me bidrar til økonomisk vekst i etiske bedrifter, og ikkje minst stimulerer til meir grønt entrepenørskap.

LES OGSÅ: Elbilen som er kjappare enn Tesla

Kundekrav
Gründerane bak Joeferal.no er visse på at klesbransjen vil endra seg til det betre om dei merkar at kundane er villige til å bruka pengar på desse varene. Han viser til at fleire kjeder no prøver seg med enkelte etiske kolleksjonar.

– Ein ser det i alle bransjar. Det vert stadig meir økologisk mat og til og med oljefirma som seier kor grøne dei er fordi dei har grøn teknologi. Det er jo kundane som krev at ein må satsa på miljøet, fordi det er blitt viktig, avsluttar Zimmer.

Slik marknadsfører Joeferal.no seg i sosiale medier:

@joeferal

Fakta

Namnet Joeferal.no er sett saman av JOE – initialane til gründerane Joakim Blicher og Odd-Erik Zimmer – og feral, eit engelsk ord som tyder noko tamt som er sett fri.