Barnearbeid i OL-fabrikkar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Framtiden i våre hender som publiserer ein rapport som er utarbeidd om dette. I rapporten «Leking med arbeiders rettigheter» går det fram at arbeidsforholda ved dei kinesiske fabrikkane som produserer suvenir til London-OL, bryt med alle dei etiske standardane organisasjonskomiteen for OL i London har forplikta seg til å følgje.

I rapporten kjem det fram at enkelte av arbeidarane har jobba 24 timars skift, medan andre har jobba inntil 100 timar overtid i månaden. Det viste seg også at ved den eine fabrikken var fleire av arbeidarane som jobba fulltid, under 16 år. Det er i strid med både kinesisk lov og forbodet til OL-komiteen mot barnearbeid.

Arrangørane i London reknar med å tene over ni milliardar kroner på salet av OL-suvenir, men dei kinesiske arbeidarane får inga glede av dei store inntektene, for dei jobbar for ei løn dei ikkje kan leve av.

No meiner Fair Play-alliansen, som jobbar for å motarbeide uverdige arbeidsforhold i produksjonen av sportskle- og artiklar, at Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) må reagere og ta ansvar.

Framtiden i våre hender har ikkje klart å få nokon kommentar til denne saka frå Gerhard Heiberg, men Andrew Mitchell skriv dette i ein e-post:
IOK styrer og kontrollerer ikkje produksjonen av alle OL-relaterte produkt over heile verda, men organisasjonen oppfordrar alle partar i den olympiske rørsla til å jobbe med leverandørar som held seg til rettferdige og etiske arbeidsforhold. (©NPK)