mm

– Eg har eit ønske om å koma inn i skulen og fortelja om det historiske knytt til bunader året før ungdommane skal konfirmerast. Då kan unge jenter få litt betre grunnlag å velja på og ikkje berre følgja moten, seier dagleg leiar Kjersti Lyngestad for Husfliden i Skien til Nynorsk pressekontor.

Ho meiner det er uheldig at det har utvikla seg bunadsmotar og motefargar som styrer bunadsvalet til unge jenter.

– Det er med på å avgrensa det store mangfaldet vi har av bunader, meiner ho.

– Kommersiell einsretting
Det er er ikkje berre manglande kunnskap som bidreg til mindre bunadsmangfald. Kjedeleiar Per Willy Næsseth i Norsk Flid seier det også er mange aktørar som prøver å standardisera bunadane mest mogleg på grunn av kommersielle omsyn.

– I dag ser vi mykje av at mange aktørar prøver å redusera bunadene til ein kjole eller ei drakt der det berre finst eitt alternativ. Men vi er svært opptekne av å ta vare på det mangfaldet vi har av bunader og og ønskjer at folk skal kunna velja det dei ønskjer og som passar dei innanfor det historiske materialet, understrekar han.

Ingen like beltestakkar
På bunadsstova til Kjersti Lyngestad lagar dei ingen standardiserte bunader.

– Det kjem ikkje inn hos meg. Vi lagar ikkje to like beltestakkar. Det nektar vi. Viss folk ha ein viss modell, lagar vi ein ny modell. Så konsekvente har vi vore, slår ho fast.

Grunnen er at dei ikkje vil vera med på å undergrava det kulturelle mangfaldet som finst av bunadar.

– Historisk var det ikkje to like beltestakkar. Det prøver vi å formidla og oppmodar folk til å finna sin unike bunad som dei kjenner seg heime i.

Individuell hjelp
På systova hennar får kundane informasjon om variasjonane som finst i fargar og mønster og hjelp til å finna fram til akkurat den bunaden dei ønskjer seg.

– Det er veldig moro å arbeida saman med konfirmantane og få fram kva ønske dei har og setja det inn i eit historisk bilete.

– Er dei unge interesserte i dette?

– Absolutt. Berre det å få fletta håret sitt på ein måte som eignar seg godt til bunad, er det mange unge jenter som vil, seier ho og fortel at mange jenter i Skien no lærer meir om dette på skulen. I valfaget «Gamle kunst- og handverksteknikkar» får dei mellom anna innføring i brikkeveving, ein teknikk for å veva band som kan brukast både til forkleband og til hårband når ein har telemarksbunad.

Treng meir kunnskap
Draumen hennar er å koma inn i skulen å fortelja meir om bunader.

– Det er ikkje tvil om at det er motar og motefargar også for bunader, men det er tøft å vera 14 år og stå imot. Men då må dei vita kva grunnlag dei har for å velja. Det har dei ikkje. Dermed vel dei bort mange ting fordi dei ikkje har vet, seier Lyngestad og legg til at det er heller ikkje er sikkert at mor eller mormor har kunnskap nok om bunader.

– Er det behov for ei ny Hulda Garborg eller ei ny Aagot Noss?

– Ja, vi kunne verkeleg trengt Aagot Noss, seier Lyngestad når vi spør om det trengst ein etterfølgjar etter bunadsdronninga som gjekk bort i fjor.

Ho legg til at konservator Kari-Anne Pedersen på Norsk Folkemuseum er veldig flink, men meiner det ikkje er nok.

– Vi treng fleire til å spreia gleda over mangfaldet av bunader, seier Kjersti Lyngestad. (©NPK)

LES OGSÅ: Aldri selt meir bunadssølv enn no

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE