– OL var fantastisk kult

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Møt OL-helten Karsten (20)

Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten.

Alltid smilande og positiv, nærast alltid med glimt i auget og ein kjapp replikk på tunga, men også svært fokusert og proff når det gjeld.

Slik står han fram Karsten Warholm, 20-åringen som i sin første skikkelege sesong som senior tok seg til finale i EM og til semifinale i OL.

Han som kunne blitt forbanna over å ikkje ha fått godkjent kjempetida på 400 meter under NM på Askøy, men som i staden valte å rose alle dei frivillige som gjer ein jobb slik at hjula i friidretts-Noreg skal gå rundt. Slikt bit folk seg merke i, og stortalentet har raskt blitt ein yndling også utanfor Sunnmøre.

LES OGSÅ: Toppidrettsutøvaren som vart frisk frå eteforstyrringar

Over all forventning
Den siste tida har Warholm teke livet med ro på heimebane, vore i konfirmasjon og kopla litt av etter ein hektisk og innhaldsrik sesong. Ein sesong som fekk fleire og større høgdepunkt enn det som var venta på førehand.

– Det har gått over all forventning, seier Warholm når han skal summere opp årets utandørssesong.

– Vi sette EM som eit hovudmål før sesongen. Det ville vere dumt å satse mot OL når ein ikkje hadde kravet inne. Så derfor satsa vi mot EM, der vi såg det kunne vere mogleg å få ei bra plassering og kanskje risikere å klare OL-kravet også.

Semifinalen på 400 meter hekk i EM blei det definitive internasjonale gjennombrotet for Karsten Warholm.

48,84, ny norsk rekord og under OL-kravet var vanskeleg å sjå føre seg på førehand, men Warholm hadde bestemt seg for å springe fort, og då betydde det lite at han mangla erfaring på øvinga.

I finalen gjekk stortalentet til med alt han hadde, men gjekk litt tom på dei siste hundre meterane.

Det blei likevel ein 6.-plass i Warholm sitt første internasjonale seniormeisterskap, og ikkje minst billett til dei olympiske leikane.

Ein fantastisk bonus, og ei oppleving det ikkje er mange norske 20-åringar som får med seg.

– Det var ei kjempeoppleving. OL enda heilt klart som høgdepunktet denne sesongen, og vi klarte å mobilisere til det meisterskapet også. Kanskje blei eg litt prega av at satsinga var på EM, men ikkje i stor grad. OL var ein enorm bonus, og det er det største ein kan vere med på, nesten uansett idrett. Det var fantastisk kult.

”Fantastisk kult” kan ein også seie om løpet Karsten leverte på forsøksheatet i Rio.

Alle visste at 20-åringen kunne springe raskt på langhekken, og at han vart betre i kvar konkurranse han deltok i.

Men at Warholm skulle forbetre EM-løpet med heile 35/100 var nærast utopisk.

Også i semifinalen var Warholm raskare enn tida som gav EM-finale, men i det aller ypparste selskap heldt 48,81 berre nesten til OL-finale.

– Eg kan ikkje klage. Det gjekk over all forventning, og då kan ein ikkje leite etter negative ting. Vi ser sjølvsagt konstruktivt på alt vi gjer, men slik som det var så fekk vi så godt som det beste ut av OL som vi kunne. I etterkant kan vi sjå forbetringspotensial, men det er slikt ein kan arbeide med etterpå. Vi er kjempenøgde.

Warholm fortel at det var ei veldig spesiell oppleving å vere ein del av den norske OL-troppen.

– Eg prøvde å nyte kvart sekund. Eg var i OL som ein slags læregut, og det å kunne ta inn alle inntrykka og bygge erfaring var det viktigaste. Eg fekk eit enormt utbytte av turen og fekk sett korleis ting fungerer i eit OL. No har eg erfaringa derfrå og det vil vere med på å bygge meg som person.

LES OGSÅ: Fotbllkarrieren enda i sjølvmordsforsøk

Ønskjer å vere på toppen
Warholm trur heller ikkje at dei tidlege erfaringane frå store meisterskap vil føre til at han blir tidleg ”mett”.

– Som meisterskap er jo OL det største ein kan vere med på, men det er større med medalje enn ein tiandeplass. For meg gir det berre endå meir motivasjon til å ta nye steg. I år er eg under eit sekund frå eit OL-gull og det triggar meg. Det handlar om å ønskje å vere på topp, ikkje berre om å delta, seier den offensive utøvaren.

I framtida skal ikkje eit OL-krav lenger vere nokon stor prestasjon, slik det var i år.

I staden ønskjer Warholm å utvikle seg såpass at kravet skal vere meir som ein formalitet å rekne, og at fokus derfor skal vere fullt og heilt inn mot det som gjeld, konkurransane.

No er det vanskeleg å spå kva som kjem til å skje fleire år fram i tid, men utviklinga til Warholm lovar svært godt.

Han har jo faktisk berre vore gjennom ein sesong med fokus på langhekken. Og ser ein på dei som har vore raskare enn 20-åringen i løpet av 2016, så er dei aller fleste ein del år eldre.

– Til dels mykje eldre ja, og det er nok ikkje alle der som kjem til å vere med om fire år. Så kjem det alltids nye folk opp, men det kan absolutt bli veldig spanande, meiner Warholm om 2020-OL som går i Tokyo.

Legg grunnlaget for framtidige prestasjonar
For å sørgje for at stortalentet etablerer seg som eit fast innslag i verdstoppen må han ha eit team rundt seg som fungerer. Med gode prestasjonar, meir merksemd og dermed også betre økonomiske føresetnadar har Warholm fått moglegheita til å ha med seg trenar Leif Olav Alnes i ei heiltidsstilling. På heimebane er også Arve Hatløy ein ressurs, medan mor Kristine gjer ein viktig jobb som administrator.

– Vi har også støttespelarar i forbundet, Olympiatoppen og i Dimna IL, som hjelper til slik at eg kan gjere det eg skal. For meg er det veldig fint slik det er no. Vi er framleis i etableringsfasen, men det blir som ei lita bedrift.

Warholm seier at ein no er i ferd med å legge grunnlaget for det som ein håpar skal verte endå betre og endå større prestasjonar i åra som kjem.

– Sei at vi presterer ein heil del betre om fem, seks eller sju år, og ting kanskje går meir av seg sjølv. Det er ikkje då vi treng den støtta eller må jobbe for å få ting på plass. Det må vi gjere no. Løfte nivået opp dit vi ønskjer at det skal vere. Derfor må vi ha folk som har lyst til å vere med på visjonen som vi prøvar å selje. Det er no vi treng støttespelarane. Få med dei som ønskjer å vere med på reisa. Det er tidleg, men akkurat no er vi kanskje inne i den viktigaste fasen for det som skal kome.

Langhekk i VM
OL i Tokyo om fire år er eit naturleg mål for Warholm, og noko han kan jobbe langsiktig mot, men meisterskapa kjem tett og i 2017 kan han igjen prøve seg mot verdseliten under VM i London.

I tillegg vil Warholm vere blant favorittane under U23-EM. I begge konkurransane er det 400 meter hekk som gjeld.

Mange meiner tida er inne for å droppe tikampen for godt, men Karsten går helst sine eigne vegar.

– Eg ser jo at det ligg mykje i 400 meter hekk, sidan det er der eg presterer best akkurat no, men for meg handlar det også om å ikkje sjå bort frå noko. Om å drive med det som gir meg noko. Det er ikkje noko som tilseier at eg skal slå i hel langhekken med å trene litt mangekamp vinterstid og halde fram med allsidig trening. Kanskje tvert imot. Akkurat no funkar det, og då må vi berre køyre på. Vi har ekstremt fokus på kvar vi vil, men er bevisste på at eit ekstremt spissa fokus ikkje nødvendigvis vil gje betre resultat.

Det som uansett er klart er at Warholm har planar om å levere endå betre prestasjonar når ein kjem til VM neste år.

Og før det får vi sjansen til å sjå den ferske olympiaren på heimebane, under Dimna IL sitt senior-NM innandørs til vinteren.

– Eg skal sørgje for at det skal vere høg kvalitet på det eg leverer i Ulsteinhallen. Det blir bra stemning. For meg blir det også ei spesiell oppleving og veldig kjekt fordi det er på heimebane. Det vil vere litt forventningspress og det er gjerne med på å løfte mine prestasjonar, sjølv om det blir noko anna enn å springe i OL. Samstundes har eg meir hjarte for Ulsteinvik enn Rio, så det blir kjekt, smiler Warholm.