Over halvparten av elevane på Vågå ungdomsskule har frukt på skulen. Det gjer skulen best i landet.

Arve Danielsen, Fjuken
Arve Danielsen, Fjuken

Saka var først publisert i Fjuken.

I Vågå abonnerer elevane på skulefrukt ved at foreldra betaler for dette.

Blant skular med foreldrebetaling har Vågå ungdomsskule størst oppslutnad av alle ungdomsskular i landet. Av skulen sine 128 elevar, deltek 67 elevar på skulefruktordninga. Noko som utgjer over halvparten av elevane; 52 prosent.

Blant skulane på topp kjem Ål ungdomsskule i Hallingdal på andreplass med 32 prosent oppslutnad.

Som takk for innsatsen fekk Vågå ungdomsskule tysdag ei fruktkorg frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, avdeling Skulefrukt.

Fungerande rektor Helen Øygarden trur ein av grunnane til den høge oppslutninga av elevar som deltek på ordninga, er foreldre som er bevisste på kosthald.

Ho trur det er ein effekt at elevar er vande til frukt på barneskulen, og som gjer at mange ynskjer dette på ungdomsskulen.

LES OGSÅ: Unge gutar et for lite frukt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE