Mange stader i både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir det meir enn murra mot den manglande avklaringa av målform i intensjonsavtalen mellom dei tre fylka.

NPK
NPK

– Ein avtale som dette set nynorsken på spel i Noreg, seier fylkestingsrepresentant Bjørn Erik Hollevik (H) i Sogn og Fjordane til avisa Firda.

For han er det ikkje aktuelt å stemme for ein intensjonsavtale utan at han heilt eintydig seier at nynorsk skal vere det offisielle skriftspråket i det nye vestlandsfylket. I avtalen har forhandlarane nøydd seg med å konstatere at «nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar».

– Eg blir heilt forferda når KrFs fylkesordførar i Rogaland, Solveig Tengesdal, meiner det er heilt unaturleg å skrive nynorsk i Rogaland. Reaksjonen min er den same når partikollegaen min Janne Johnsen er forskrekka over at ein i det heile vurderer å bruke nynorsk. Eg forstår ikkje kvifor dei er så forskrekka, for viss ikkje eit vestlandsfylke skal ha nynorsk som skriftspråk, kven skal då ha det? spør Hollevik og peikar på at nynorsken står sterkt utanfor dei store byane i både Rogaland og Hordaland.

– Bør vere nynorskregion
Ordførar i nynorskkommunen Klepp i Rogaland Ane Mari Breut Nese (H) er heilt einig med Hollevik og undrar seg over at det målformnøytrale Rogaland eventuelt skulle krevje at også det nye storfylket legg seg på denne linja.

– Viss vi skal ha ein vestlandsregion, så burde det vere ein nynorskregion. Eg kan ikkje heilt forstå kvifor Rogaland skulle stille dette som eit krav. Nynorsk er jo bygd på den dialekten vi har her i denne delen av landet, seier Nese til Nationen.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane avviste fredag overfor Nynorsk pressekontor at nynorsken er ofra til fordel for språknøytralitet i forhandlingane.

– Vi føler nynorsken er godt teken vare på når vi har skrive at han skal vera ein viktig del av identiteten vår. Nynorsken er slett ikkje forhandla vekk, men vi har ikkje gått djupare i forhandlingane no. Det var mange andre krevjande punkt som måtte settlast, sa Følling.

– Har ein arv å forvalte
Leiar i kommunalkomiteen på Stortinget Helge André Njåstad (Frp) er fornøgd med framdrifta til dei tre fusjonskandidatane, men meiner òg dei må passe på nynorsken i forhandlingane.

– Det er bra viss nynorsken ikkje kjem dårlegare ut av desse reformene. Eg håper dei folkevalde veit at dei har ein arv å forvalte, seier Njåstad, som sjølv kjem frå Austevoll og Hordaland.

Fredag skreiv elles Stavanger Aftenblad at eit fleirtal av representantane i fylkestinget i Rogaland kan komme til å gå mot intensjonsavtalen med dei to fylka i nord. I oljefylket ser dei både åleinegang og ei samanslåing med Agder-fylka som gode alternativ. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE