Regjeringa vil fjerne «håplaus» regel for innvandrarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den dummaste regelen eg har sett

Mange innvandrarar med vidaregåande utdanning frå heimlandet får verken utdanninga godkjent eller rett til ny skuleplass i Noreg. Regjeringa vil bruke 60 millionar kroner neste år for å få desse ut av den håplause klemma.

I ein budsjettlekkasje frå neste års statsbudsjett varslar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) at han vil fjerne det han kallar «det dummaste regelutslaget han nokon gong har sett i politikken».

Han siktar til ei avgjerd i opplæringslova som seier at ein innvandrar som allereie har gjennomført vidaregåande skule i sitt eige heimland, ikkje kan få rett til vidaregåande opplæring i Noreg. Dette trass i at svært mange innvandrarar ikkje får godkjent den vidaregåande opplæringa frå heimlandet sitt når dei søkjer høgare utdanning i Noreg.

– Vi set desse menneska i ein umogleg situasjon. Det verste er at det ofte råkar nokre av dei som har størst moglegheiter til å integrerast raskt og ta ei lengre utdanning, seier han til NTB.

Regjeringa føreslår å bruke 60 millionar kroner neste år for å gi alle i denne gruppa rett til vidaregåande opplæring. Beløpet vil auke dei neste åra, og tiltaket er i 2019 rekna ut å koste 235 millionar kroner når tre årskull vil starte samtidig. (©NPK)