Fråværsgrensa: ei lita oppsummering

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein skulle ikkje tru det var naudsynt med enda ein artikkel om fråværsgrensa, men sida ho endå er i kraft er det fint plass til ein til. No er det om lag ein månad sidan grensa trådde i kraft, og reaksjonane har ikkje latt venta på seg. Det har ikkje alltid vore lika lett å følgja debatten, så det er kanskje på tide med ei lita oppsummering.

Det første ein merka, allereie medan grensa låg på teiknebordet til Isaksen, var elevar med psykiske problem som sa at dei rett og slett ikkje orka å gå på skulen kvar dag. Dette har eg full forståing for. Sjølv har eg ikkje slike problem, men likevel har eg ei sterk motvilje mot å sitja innestengt i eit lite rom i 8 timar, saman med tredve andre sveittingar. Tenk deg sjølv om du hadde open romløysing på kontoret, og alltid måtte sitja ved sida av Knut. Knut har forresten aldri anna enn makrell i tomat på nistepakka. Eg trur kanskje du òg ville ha jobba heimanfrå då, ja.

Reaksjon nummer to, som heller ikkje venta til skulestart, var foreldre som klaga på at staten ikkje stolte på dei. Dei fekk ikkje lenger lov til å attestera for sjuke born. For å illustrera tillét eg meg å bruka ei samanlikning frå arbeidslivet. Tenk deg at du ikkje klarte å gå på jobb ein dag. Du ringer sjefen din, Bert, for å sei at du ikkje kjem i dag. Bert seier at det ikkje er godt nok, og at du må ha ein legeattest. Du minner Bert på at du bur i ein distriktskommune, og at legen ikkje er i bygda i dag. Bert seier at det var leit å høyra, gjev deg sparken, og legg på. Heldigvis har du ein interesseorganisasjon for å beskytta deg mot slikt. Det har ikkje elevane.

Det tredje som gjorde seg gjeldande etter at grensa vart innført var klager frå køyreskular over heile landet. Problemet var at køyretimar ikkje vart rekna som gyldig fråvær, og at ein dermed kunne rekna med å stryka i fleire fag, for å få sertifikatet, som ein ofte må ha for å få seg jobb. For å  tydeleggjera; ein kan koma til å ikkje få seg jobb, fordi ein prøvar å oppfylla krava for å få seg jobb. Eg utvidar samanlikninga ein siste gong. Etter at du fekk sparken av Bert har du endeleg fått deg ein ny jobb (som heldigvis ikkje har open romløysing). Etter eit par veker får du vita at for å behalda jobben må du ta eit kurs. Du reiser på kurset, og kjem tilbake etter to dagar for å finna ut at du har fått sparken. Du spør sjefen din, June, om kvifor, og ho forklarar at det var fordi du ikkje har vore på jobb på to dagar. På dette punktet er du så frustrert at du berre gjev opp, og byrjar på NAV. I slike tilfelle er det forresten fint å ha ein jobb der du kan styra arbeidsdagen sjølv. Kunnskapsministar til dømes.

Trass alt dette trur eg Isaksen hadde ein god intensjon. Han ynskjer å halda elevar i skulen. Han ynskjer å minka fråfallstalet. Det er flott, men eg trur han har ein grunnleggjande feil; han er litt for glad i å sortera. Han har bestemt at 10 prosent er maks fråvær i eit fag, uavhengig av timetalet i faget. Han har bestemt at alle elevar skal behandlast likt, uavhengig av psykisk og fysisk tilstand. Han har bestemt at slik er gyldig fråvær og sånn er ugyldig fråvær, og han firar ikkje ein tomme. Ein kan nesten sjå han sortera pennar og blyantar på skrivebordet sitt med tvangslidingas maniske lys skinande ut av augo.

Eg har lyst til å koma eit nytt forslag, som kanskje han òg kan vera einig i; sett ned ein komité Isaksen. Sidan du er så glad i likskap og fordeling kan det godt være ei firedelt gruppe, ein firedel kvar med foreldre, pedagogar, lærarar og elevar. La dei koma med idear og forslag. Medan dei gjer det kan du gå ned på puben og ta deg ei øl, og berre slappa litt av. Eg trur du kan ha godt av det. Og du Isaksen? Det er ikkje noko galt i å innrømma at du har tatt feil.