Skulen gjer ikkje nok for elevar med stort læringspotensial, ifølgje ei offentleg utgreiing som blei lagt fram i dag. No vil kunnskapsministeren ta grep.

mm

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) tok i dag imot ei utgreiing om tiltak for elevar med stort læringspotensial – dei som lærer raskare og meir enn andre elevar. Utgreiinga er laga av eit utval som regjeringa sette ned i fjor, og som har vore leia av Jan Sivert Jøsendal.

– Mange elevar, som lærer raskare og meir enn andre, får ikkje nok utfordringar i skulen. Skulen har eit langt større handlingsrom enn det han i dag nyttar for å imøtekoma elevar med stort læringspotensial, sa Jøsendal då han la fram utgreiinga på ein pressekonferanse i dag. Han er til dagleg utdanningsdirektør i Drammen kommune.

Tilpassa opplæring
Utvalet føreslår at Opplæringslova må gjera det tydeleg at retten til tilpassa opplæring gjeld for alle, også elevane som lærer meir og fortare enn andre. Mangelærarar oppfattar det ikkje slik i dag, meiner dei.

– Tilpassa opplæring for dei med stort læringspotensial blir av og til oppfatta som elitisme, sa Jøsendal under pressekonferansen.

Ikkje berre dei som presterer best
Då utvalet blei sett ned i fjor, var oppdraget å sjå på tilpassa opplæring for «høgt presterande elevar». Det uttrykket har utvalet valt å gå bort frå. I staden snakkar dei om «elevar med stort læringspotensial».

– Nokon som lærer raskare og meir enn andre, presterer ikkje høgt i dag. Og nokon som har lærevanskar, kan prestere høgt i enkelte fag. Dette er ei mangfaldig gruppe, sa Jøsendal.

Han peika på at elevane med stort læringspotensial er kjenneteikna av dei utviklar språket tidleg, har god hugs, er svært nyfikne og er gode til å tenka abstrakt.

Vil ha digitale læringsressursar
Utvalet føreslår også mellom anna desse tiltaka:

●     Digitale læringsressursar for elevane, som mellom anna ivaretar djupnelæring i alle fag

●     E-læringsmodul for skule og PPT for å auka kompetansen om elevane med stort læringspotensial

●     Fleire døme på avansert nivå i rettleiingane til læreplanane

●     Meir forsking som kan betra praksisen i klasserommet

●     Systematisk kartlegging og evaluering av tiltak for elevgruppa kvart fjerde år

Kunnskapsministeren skal no gå gjennom forslaga frå utvalet og bestemma seg for kva dei vil føreslå til Stortinget. Han meiner dei som lærer mest treng fleire utfordringar tilpassa sitt nivå.

– Det blir ofte sagt at «desse elevane klarar seg jo», og statistisk sett er det nok riktig at dei fleste klarar seg. Men målet med norsk skule er ikkje at elevane skal «klara seg». Målet med skulen er at elevane skal nå sitt fulle potensial, sa Torbjørn Røe Isaksen under pressekonferansen i dag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE