Stadig fleire kvardagsvarer og -situasjonar er delte inn etter kjønn. Det er det ei gruppe som tener på – og det er ikkje borna.

Siri Helle, Dag og Tid
Siri Helle, Dag og Tid

Saka stod først på trykk i Dag og Tid.

Daglegvarebutikken, Noreg, 2016: Det står handsåpe på handlelista. Det plar tyde Lano i din heim. Kvifor er det ingen som veit, det har no vorte slik – den ungen er jo så himla søt i reklamefilmen.

Men kva har skjedd? Lano er der ikkje lenger. Ikkje den skummande reine barnekroppen heller. Hen er bokstavleg tala bytt ut – med «Søta» og/eller «Tøffen».

For så store bad har vi tydelegvis fått at kvar enkelt no kan ha sin unike handsåpedispenser. Såpa er den same i begge flaskene. Men så er det heller ikkje den produsenten til sjuande og sist sel: Kvifor det, når det er minst dobbelt så mykje pengar i å selje oss – og ikkje minst borna våre – ein kjønnsstereotyp identitet.

Lano er langt frå åleine om å gå baklengs inn i verdiskaping for ein ny generasjon små menneske. Det er ikkje meir enn ei veke sidan ordføraren i Trondheim måtte inn og stoppe eit SFO-program som for gutar innebar datadagar, gutefilm og «fart og moro i gymsalen», medan jentene skulle få tida til å gå med å lage armband, penal, såpe og arrangere neglespa.

Det vart det altså ingenting av – i SFO-regi. I Legoland, derimot, er denne verda den nye kvardagen – og med det er det kvardagen til ikkje reint få unge damer. Lego Friends Heartlake City har sidan 2013 eksistert som ei verd der alt er lilla og rosa, der dei kvinnelege figurane får dagane til å gå med å innreie dei store, flotte husa sine, gå på venleikssalong, cupcake-kafe, venleikssalong for hundar, ridesenter eller rett og slett ete endå meir cupcakes i den nyinnreidde stova til den nyklipte veninna si.

Dokkene i Friends har lange bein og små puppar. Dei passar ikkje saman med dei figurane ein har frå før. Vil ein ha tradisjonelle Lego-figurar, må ein over i Lego City – dei blå boksane, der brannmennene, politibetjentane og vulkanforskarane bur. Treng eg å seie at dei så godt som alle saman har hatt og skjegg?

Det heile vert så ekstra trist når ein kjem over denne oppfordringa, lagd ved eit dokkehus frå nettopp Lego, anno 1973: «Trongen til å skape er like sterk hos alle born. Gutar og jenter. (…) Mange gutar likar dokkehus. Dei er meir menneskelege enn romskip. Mange jenter føretrekkjer romskip. Dei er meir spanande enn dokkehus. Det viktigaste er å putte dei rette materiala i hendene deira og late dei skape kva det no er som appelerer til dei.»

Sjølvsagt er ikkje jenter og gutar like. Dei er i alle fall ikkje så like at dei kan delast i to homogene grupper. Dei fleste born veit det. Det hadde vore fint om vi greidde å bruke kreftene våre på noko anna enn å lære – eller selje – dei forhistoriske løgner.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12
ANNONSE