Ei språkleg openberring

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein morgon vakna ho utan språk

– Eg vakna ein morgon, og så var språket mitt borte. Engelsk og spansk gjekk fint, men ikkje norsk, seier forfattar Catherine Blaavinge Bjørnevog.

To gonger har ho opplevd å mista det norske språket etter svangerskap. Ho forstod, men fann ikkje orda sjølv. Først etter fleire månader med ulike små og store øvingar kunne ho uttrykka seg som normalt igjen.

– Viss eg hadde ein agurk, så sette eg på ein lapp der det stod «agurk». Eg klipte ut alle orda i avisa og sette dei saman igjen.

Litt etter litt kom språket tilbake. Då kom diktinga òg. Bjørnevog, som er utdanna kunstnar med keramikk og foto som hovudfelt, fortel at erfaringa med å måtta setja saman orda på nytt i hovudet gav ho ei heilt ny tilnærming til språket, som opna for skapande skriving.

– Det var ei språkleg openberring. Eg lærte å elska språket gjennom å mista det.

LES OGSÅ: Guri Sørumgård Botheim lagar poesifilmar – det trur ho me vil sjå meir av

«De bi inkje sumar her»
No debuterer ho med diktboka Um sakne springe blome, som er gjeve ut på Samlaget. Boka rommar ei forteljing inspirert av eventyret om Kvitebjørn Kong Valomon, om ei kvinne som lengtar etter mannen sin og ofrar borna for å få sjå han att.

Som tittelen avslører, er ikkje boka skriven på nokon vanleg form for norsk. Det første diktet lyd slik:

De bi inkje sumar her
De vårar inkje
De bi haust u vintrar
u haust att

Forlaget skildrar det som eit nordisk språk med element av gamalnorsk og dialektar frå Telemark og Gudbrandsdalen. Kunstspråket gir assosiasjonar til Øyvind Rimbereid og hans språkleik i Solaris korrigert. Men Bjørnevog avviser at det er der inspirasjonen kjem frå.

– Det var nokon som sa at eg måtte lesa Rimbereid då eg fortalte om prosjektet til å byrja med. Men då tenkte eg at det kan eg i alle fall ikkje gjera. Så eg har enno ikkje lese han.

LES OGSÅ: Hans Sande om kunsten å snikra, brodera og skriva dikt

Hemn
Historia som leidde fram til det unike språket, er ei heilt anna. Ho byrjar med ei tekstmelding frå ein annan forfattar, som sa at nynorsken til Bjørnevog var så dårleg at han hadde hatt mareritt om det.

– Då tenkte eg at no skal eg ta att og skriva tilbake på eit skrekkeleg nynorsk, og gi han ordentleg mareritt.

Frå den kimen, der Bjørnevog leika med ord og gamalmodige skrivemåtar, vaks det nye språket fram. Det utvikla seg gjennom diktinga, og med innspel frå mellom andre svigermor frå Vågå. Etter kvart måtte ei ordliste til for å halda system i det heile.

I det nye språket fann ho røysta til kvinna som står i sentrum for forteljinga i Um sakne springe blome.

– Eg måtte lytta til røysta – det er stort sett kvinna som snakkar i dikta, og ho brukte dette språket. Eg berre fortel hennar historie.

Uti boka blir språket trekt inn i historia. «maule ti ske inkje tydast», blir det sagt i ein «Gudetale»: Målet ditt skal ikkje tydast. Dette er ein del av straffa kvinna får, fortel forfattaren.

Les meir om lyrikk og poesi her!

– Øving gjer meister
Når historia i Um sakne springe blome er fortald, har ikkje Bjørnevog planar om å skriva meir på språket historia kom med. No jobbar ho med eit prosjekt ho kallar «River Phoenix-dialogar» – etter den unge, Oscar-løna skodespelaren som døydde av overdose 23 år gamal – med eit språk som blandar nynorsk og engelsk.

Bjørnevog – som kjem frå Tjøme, har delvis vakse opp i Madrid, og no bur i Trøndelag – er ikkje ein opplagd nynorskbrukar. Likevel har ho lenge brukt nynorsk i diktinga, mellom anna i noko av det ho leverte inn då ho gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

– Då sa dei at det var veldig god tekst, men heilt forferdeleg nynorsk. «Kvifor skriv du nynorsk?», fortel ho, og legg til:

– Men eg har blitt betre i nynorsk etter kvart. Øving gjer meister.


Ikkje noko val
Bjørnevog forklarar at nynorsken ikkje har vore eit val, men eit resultat av inspirasjonen hennar.

– Eg merkar at historia kjem med sitt språk. Er det eit litt myrdunkelt landskap, er det til dømes naturleg med nynorsk. Og då har eg ikkje noko val, då må eg skriva historia på nynorsk, seier ho.

– «River Phoenix-dialogar» høyrest ikkje ut som noko frå eit typisk myrdunkelt landskap?

– Kvifor akkurat den historia kom på nynorsk, veit eg ikkje. Det var kanskje noko med blandinga mellom nynorsk og engelsk.

– Er det noko du kan seia med eitt språk som du ikkje kan seia med eit anna?

– Ja.

– Kunne du ha fortalt historia i Um sakne springe blome på eit anna språk?

– Nei.

– Språket er til for å leikast med
Svara kjem raskt og konsist, utan nøling eller atterhald. Ulike språk har ulik oppbygnad og ulik fargevalør, meiner Bjørnevog – difor kan dei brukast til å uttrykkja ulike ting. Det tyder også at fleire språk gir kunstnaren ein større palett.

– Det er fint å kunna nytta fleire språk, å baska med to målformer og å laga ei ny. Det er mykje musikk i det, seier ho.

Nettopp den musikalske, syngjande kvaliteten er det Bjørnevog synest gjer det nye språket hennar godt å dikta med.

– Når eg skriv, ser eg det føre meg nesten som ein opera. Ting blir blåste opp, bileta blir tydelegare.

Å skapa med bilete, former, tonar eller ord er berre ulike utløp for den same kreative aktiviteten, meiner Bjørnevog. No er det skrivinga, leiken i verdene som språk opnar opp, som har fanga henne.

– Språket er til for å leikast med. Ein må ikkje vera redd for det.