Fråværsreglar skaper kaos på legekontora

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kaos på legekontora

Allmennlegeforeningen meiner foreldre til vidaregåande-elevar må få tilbake retten til å skrive under på sjukefråvær. Dagens reglar skaper kaos ved legekontora i landet.

Sidan skulestart i haust har legekontora over heile landet opplevd eit renn av småsjuke vidaregåandeelevar som treng legeerklæring for å følgje dei nye fråværsreglane til regjeringa.

Det har pressa ressursane til legane og nokre stader ført til at alvorleg sjuke pasientar har blitt fortrengde, ifølgje Allmennlegeforeningen, som ber departementet ta grep.

– Foreldra må få tilbake retten til å attestere gyldig sjukefråvær opp til ei viss grense, seier leiar Kari Sollien til NTB.

Etter dei nye reglane kan elevar i vidaregåande skule som hovudregel berre ha 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag for å få karakter. Fråvær på grunn av helse er ikkje rekna som udokumentert, men krev no legeattest. (©NPK)