Ny nettside mot mobbing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nettstaden nullmobbing.no opna torsdag. Den er utvikla for å gi barn, unge og foreldra deira informasjon om mobbing og rettar. Kva for rettar har du som elev, og korleis kan du seia frå om mobbing?

– Noko av stoffet er rett direkte mot foreldre. Her kan du få svar på spørsmål som «Barnet mitt vert mobba, kva gjer eg?» og råd om korleis du kan oppdaga teikn på at barnet vert mobba – eller mobbar andre, forklarer kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Utdanningsdirektoratet har laga nettstaden i samarbeid med barn og ungdomar, foreldre og organisasjonar som jobbar mot mobbing.

– Ein ny nettstad kan ikkje løysa alle mobbesaker, men det kan hjelpa elevar og foreldre med å finna vegen gjennom systemet. Me må sikra at familiar får god nok hjelp til å stoppa mobbing, og  til å nå fram overfor skulen og kommunen, understrekar kunnskapsministeren.

Skjerpar regelverket mot mobbing

Regjeringa vil skjerpa regelverket for skulane når det gjeld oppfølging av mobbesaker. Regjeringa vil òg gjera det mogleg å gje dagbøter til skular og kommunar som ikkje følgjer opp mobbesaker godt nok.

– Med dei nye reglene får alle skular ei aktivitetsplikt. Det tyder at når ein elev seier frå om mobbing, så skal det alltid undersøkjast og vert opp følgt av skulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Faktaboks

• Nullmobbing.no er ein ny nettstad med informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar.
• 3,7 prosent av elevane i grunnskulen og vidaregåande skule blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare, ifølgje Elevundersøkinga.
• Éin av fire mellom 9 og 16 år har opplevd at nokon har vore slemme eller mobba dei på nett eller spel, viser undersøkinga Barn og medier