Fleire skuleklasser med over 30 elevar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i Elevorganisasjonen, Sylvia Lind, meiner klasser med 30 elevar og oppover er ei oppskrift på å oversjå enkeltelevar som trenger rettleiing.

– Vi vil jo at elevane skal bli sikra ein likeverdig og individuelt tilpassa undervisning. Med rundt 30 elevar i klassen er dette ein uoppnåeleg draum, seier ho.

VG har gjort ei ringerunde blant vidaregåande skular i Bergen og Oslo. Fellesnemnar er at skulane har ein god del klasser på rundt 30 elevar.

På nye Amalie Skram vidaregåande skole i Bergen innrømmer hovudtillitsvalt Heidi Rye Høyforsslett at elevar kan bli oversett. Ved skulen er det fleire klasser med 33 elevar i kvar.

– Det er jo ikkje heldig med så store klasser. Eg ser ingen pedagogiske fordelar med det, seier læraren. (©NPK)