NPK-NTB
NPK-NTB

Handskrivne notat gir betre læringseffekt enn å bruke PC-tastatur, meiner to NTNU-forskarar. Men det spelar liten rolle om ein brukar blyant eller digital penn.

Hjerneforskarane ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim har brukt ei sensorhette med 256 elektrodar til å teste hjerneaktiviteten til 20 studentar, skriv Adresseavisen. Funna tyder på at bruken av penn eller blyant set hjernen i ein tilstand som gjer den meir mottakeleg for læring.

LES OGSÅ:Tastatur eller blyant?

– Vi får fleire knaggar for å hugse. Ved å bruke penn er det mykje meir aktivitet i dei sensomotoriske delane av hjernen, seier Audrey van der Meer, som har utført studien saman med Ruud van der Weel. Begge er professorar ved psykologisk institutt.

Undersøkinga viser at studentane nesten mekanisk skreiv orda dei fekk beskjed om å skrive på tastatur, mens pennbruk gav meir hjerneaktivitet.

LES OGSÅ: Dette må du ikkje gjere på eksamen

– Så snart det er rørsle involvert, blir fleire sansar involverte. Det skaper aktivitet og kontakt mellom ulike delar av hjernen. Det blir lettare å hugse, og vi lærer betre, seier forskarane.

Audrey van der Meer understrekar overfor NTB at dei ikkje anbefaler at elevar og studentar går heilt over til rein analog notatskriving med blyant og papir.

– Vi meiner det spelar liten rolle om notata blir gjort med ein blyant eller digital penn. Dersom skulane tar i bruk notatskriving med digital penn, kan dei få det beste ut av begge verdene. Kombinasjonen av PC og digital penn ser ut til å vere spesielt godt eigna fordi ein både kan lagre notata elektronisk og samtidig utnytte fordelane ein ser ved å skrive og notere for hand, seier van der Meer. (©NPK)

LES OGSÅ: Mannen med den populære skrifta

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE