Åtvarar Erna Solberg: – Nynorskindeksen peikar feil veg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar Erna Solberg

Nynorskindeksen måler kor mykje statlege løyvingar til nasjonale og regionale nynorsktiltak utgjer i prosent av det samla kulturbudsjettet, frårekna Den norske kyrkja. Frå å vere på 3,3 prosent i 2005-2007 og 3,2 prosent i 2010 er nynorskindeksen for 2016 berre 2,6 prosent.

No har Nynorsk Forum på vegne av 18 nynorskorganisasjonar sendt brev til statsminister Erna Solberg der dei ber om ei prioritering av nynorske tiltak.

Ber om auke på 3,3 millionar
– Det fremste tiltaket for å styrkja nynorskinstitusjonane og dermed nynorsksatsinga i statsbudsjettet, er ein generell auke i basisløyvingane til institusjonane, heiter det i brevet.

Nynorsk Forum ber særleg om ei auke for Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk Pressekontor, Vinjesenteret og digitalisering og oppdatering av Norsk Ordbok. Kostnadene til dette er til saman 3,3 millionar.

Brevet er òg sendt kunnskapsministeren, kommunalministeren og kulturministeren.

LES OGSÅ: Fleirtal for meir nynorsk i Bergen

Måtte ha vore 75 millionar høgare
Dei statlege løyvingane til nynorsktiltak i 2016 måtte ha vore 75 millionar høgare for å vera på same nivå som for ti år sidan.

– I lys av dette er ønska svært moderate, skriv Nynorsk Forum i brevet.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar driv Framtida.no, i tillegg til Magasinett.no og Pirion.no. Alle er ein del av satsinga på nynorsk på nett for barn og ungdom.

LES OGSÅ: Ordbøker kan vera i strid med likestillingslova