Are Kalvø ser på nynorskmisjoneringa og militærtenesta med same auga: han skulle helst brukt tida på noko anna.

NPK-Hans Olav Rise
NPK-Hans Olav Rise

– Det er ikkje dette eg helst vil bruke eitt år av livet mitt på. Men om nokon som jobbar for demokrati og andre ting eg trur på, meiner det er ein god idé og at det fører til at folk får eit betre forhold til nynorsk, så okay, då kan eg ofre litt, slår 46-åringen fast.

Are Kalvø er mannen som «alltid» blir nemnt når folk som ikkje likar nynorsk fortel om unntaka dei så nobelt har funne. Kalvø er mannen som Språkrådet trekkjer fram som hjelp og inspirasjon til lærarar i nynorskopplæringa. Han er Batman på nynorsk: Helst vil han leve i ei verd der nynorsken ikkje må «reddast», slik at han sjølv kan bruke tida på heilt andre ting.

Men med klingande sunnmørsdialekt, ein satirisk brodd få i Noreg kan matche og ein skarp penn med nynorsk som hovudmål, har språkprisane blitt kasta etter han – med kraft.

– Eg er klar over at det er statistisk større sjanse for å bli prislønt som nynorskbrukar enn bokmålsbrukar, det er rein matematikk, men det er veldig stas likevel, hevdar han.

Stor gut
Om ein ser på talet prisar Kalvø er blitt tildelt, kan det sjå ut som han har ofra både søvn og sinn for nynorsken. Kringkastingsprisen, Målprisen og Vinjeprisen. Han har til og med fått Aksel Waldemars Minnepris for innsatsen for nynorsk som scenespråk. Sist ut er Storegutprisen.

– Eg skal byrje å presentere meg som det no framover: «Storegut Are Kalvø». Jau, den tittelen kler meg, meiner han.

I denne omgangen har Kalvø fått pris fordi han «på ein positiv måte brukar levande og ledig nynorsk – i det offentlege rom». Han blei presentert som «årets storegut» på høgtidleg vis i videoform på Facebook, framført av Odd Nordstoga:

– Eg kjenner at eg blir litt barnsleg stolt når eg ser ein video av Odd Nordstoga som les opp grunngjevinga til juryen, seier Kalvø.

– Juryen meiner du er ein moderne Aasmund Olavsson Vinje?

– Eg reknar med juryen veit kva dei pratar om, så eg takkar audmjukt for det eg reknar med dei har solid bakgrunn for å seie, flirer komikaren.

Komipris på do
I nesten to tiår var Kalvø programleiar for satireprogrammet Hallo i uken på NRK P2, parallelt med at forfattarkarrieren skaut fart. Gjennom det heile har han vore standupkomikar, manusforfattar og skribent i Dagsavisen og Aftenposten. No boltrar han seg i ei verd fylt med teater og musikalar.

To år på rad har han vunne komiprisen – for showa «Kalvø – ein time av livet ditt du aldri får tilbake» og «Halve kongeriket». Prisane fyller kvardagen.

– No har eg nettopp flytta, og der er det litt lite vegg- og hylleplass. Nokre prisar står i hyller, nokre på bord, nokre på golv. Målet mitt er at prisane skal stå på overraskande plassar. Éin av komiprisane står faktisk do, opplyser Kalvø.

Me møter 46-åringen midt i eit heller hektisk øvingsprogram. Han er for tida plassert i teaterdistriktet i Oslo, der han hjelper Dagfinn Lyngbø med ei komande framsyning på Christiania Teater. Sjølv har han har hatt Det Norske Teatret på andre sida av Spikersuppa som arbeidsplass i fleire år no.

Giga-musikal på nynorsk
Etter at dei siste showa av «Kalvø» er ferdig på Det Norske Teatret i desember, har mannen frå Stranda på Sunnmøre fått i oppgåve å omsette musikalsuksessen «The Book of Mormon». Musikalen, laga av South Park-skaparane Trey Parker og Matt Stone, har vore ein kjempesuksess i USA og England i mange år allereie. No kjem den på nynorsk.

– Den har premiere neste september på Det Norske Teatret. Sverige blir faktisk først, men utover det blir dette den første ikkje-engelskspråklege versjonen, fortel Kalvø.

– Er du sjølv glad i musikalar?

– Eg er ganske glad i musikalar, og eg synest folk burde bryte ut i song mykje oftare i det daglege. Eg meiner heilt kvardagslege situasjonar, ute med kameratar og humøret er godt; bryt ut i song!

– Må alt rundt stoppe då, slik som i filmar og musikalar?

– Det beste er sjølvsagt om ingenting stoppar, men at folk etter kvart dansar med, og til slutt så beveger heile gata og byen seg, flirer 46-åringen.

Showet «Kalvø – ein time av livet ditt du aldri får tilbake» hadde premiere på Det Norske Teatret i oktober 2014. Dei aller siste framsyningane kan sjåast på Det Norske Teatret i Oslo i november og desember 2016. Foto: Erik Aavatsmark

Ansiennitet og pengar
Tida vil vise om Kalvø får pris, anten for språk eller komikk, etter at musikalen har herja Noreg. Allereie har han, gjennom prisar, fått slått fast at han har godt språk, er ein god ambassadør i det offentlege rom og at han er morosam.

– Eg kan vel eigentleg berre leggje opp, seier han lett sarkastisk.

For slutte skal han ikkje, men kva han skal er uklart.

– Eg anar rett og slett ikkje kva som skal skje i åra framover. Eg har derimot planlagt å ha ganske mykje fri, kose meg og gjere mykje artige ting.

– Du skal aldri pensjonere deg, berre gjere litt og litt mindre?

– Ja. Veldig bra, akkurat det er planen min. Eg skal ta litt meir betalt etter kvart som ansienniteten stig, og så når eg er 62: heilt slutt, gliser Kalvø. (©NPK)

Vil du lesa ein av kalvøkadane? Ta ein kikk her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE