Mange norske kommunar jobbar for å auke tilflyttinga. Men hugsar dei å ta vare på dei som faktisk kjem? Får dei nye innbyggjarane hjarte for den rette staden? spør Roar Werner Vangsnes.

Roar Werner Vangsnes, seniorrådgjevar i Distriktssenteret
Roar Werner Vangsnes, seniorrådgjevar i Distriktssenteret
Faktaboks

Distriktssenterets ti gode rådfor å få innflyttarane til å bli

• Få folk til å kjenne at dei blir sett pris på. Det styrkar kjensla for å høyre til på staden.
• Legg til rette for opplevingar i natur og friluft. Det skaper sterkare tilknyting til staden.
• Kommunen og lokalsamfunnet må sjå og bli kjent med tilflyttaren.
• Kommunen må vera bevisste på og betre dei svake sidene og samstundes vise fram dei sterke sidene.
• Involver og engasjer tilflyttaren i frivillig arbeid.
• Vis tydeleg at du verkeleg ønskjer at den nye tilflyttaren skal bli i kommunen.
• Sjå på alle nye tilflyttarar som ein mogeleg ressurs – både i lokalsamfunnet og i arbeidslivet. Ser du på enkelte som «andrerangs» tilflyttar, som berre skal hjelpast og som ikkje vil vera til nytte? Då må du jobbe med di eiga haldning. Som kommunetilsett- og politikar skal du bidra til vekst og utvikling.
• Jobb for å gje tilflyttarar ein god velkomst – følg dei opp over tid og lytt til uttrykte ynskje og behov.
• Opn opp kommuneorganisasjonen for språkpraksis og arbeidspraksis til dei som er arbeidsinnvandrarar og flyktningar. Start arbeidet så raskt som mogeleg.

Kjelde: Læringsheftet «Med hjarte for den rette staden».

LES FAKTALUKK FAKTA

Dette er spørsmål me i Distriktssenteret stiller oss etter tallause besøk i norske kommunar og regionar. Det høyrest sjølvsagt ut, men langt frå alle har tenkt over at det kan vera lurt å få tilflyttarar til å både trivast og bli inkludert på den nye staden dei kjem til.

Kva skal til for at nye innbyggjarar blir buande i din kommune? Dei som kjem vil i kortare eller lengre tid vera det me kallar ein stadveljar. Mange nyttar dei første åra på å finne ut om ein skal bli verande på den nye staden og i den nye kommunen. Fungerer det bra, vil det bidra til at dei potensielle stadveljarane blir verande og flyttar ikkje vidare.

Forsking viser at arbeid er den viktigaste årsaka til at folk kjem til ein stad, men me ser også at god bustadpolitikk, tilrettelegging av ulike typar møteplassar og fritidsliv har stor betyding. I tillegg har dei frivillige laga og organisasjonane ei viktig rolle i det inkluderingsarbeidet som skal skje. Desse momenta er sjølvsagde, men blir ofte tatt for gitt og dermed gløymt. Difor er det viktig å ha eit bevisst forhold til kva som får dei nye innbyggjarane til å velje å bli verande. I Distriktssenteret ser me at fleire kommunar jobbar bra på dette feltet, som t.d. Hemsedal, Frøya og Sogndal, men framleis kan dei fleste bli flinkare til å ta vare på dei som kjem til ein stad.

I våre intervju på utvalde stader i Norge, viser det seg at det kan ta lang tid å bli inkludert i lokalsamfunna, sjølv om dei nye innbyggjarane har det bra. Kommunen, saman både næringsliv og frivillige organisasjonar, har ein jobb å gjera. I tillegg er det viktig at dei som har budd på staden heile livet gjer ein innsats for at dei nye innbyggjarane tek valet om å bli verande i staden for å bli ein vidareflyttar.

Prognosane viser at distrikta sin del av nasjonen sin samla befolkning vil fortsetja å gå ned. Det er fullt mogeleg å hindre fråflytting. Då er det ei viktig oppgåve framover å få folk til å flytte til distrikta og bli buande.

Nokre stader vert tilflyttarar møtt med haldningar som: «Det er flott med dei nye innbyggjarane, men dei reiser sikkert snart vidare. Difor er det ikkje vits i å bruka så mykje tid på dei». Det er ikkje eit godt utgangspunkt. Alle som kjem til ein stad er ein ressurs og mange bidreg i lokalsamfunnet nesten frå første dag, uansett om dei er der i ein kortare periode, nokre år eller livet ut. Dei som blir tekne med og kjenner seg som ein del av lokalsamfunnet, byggjer lettare den tilknytinga til staden som gjer at dei blir verande.

Ein del kommunar veit at dei er ein midlertidig stoppeplass for mange. Dette fordi dei har ein arbeidsmarknad som tilseier det, eller at folk vil prøve seg ute i ein liten kommune før dei «dreg tilbake til by'n». Den dynamikken og dette flyttemønsteret må me godta i ei tid då avstandane blir kortare og folk vil prøve seg på ulike område både arbeidslivet og elles. Samstundes meiner me at det er viktig at kommunar legg langsiktige planar både politisk og administrativt. Dei som gjer det har større sjansar for å lukkast i å halde på tilflyttarane. Eit døme på dette er Frøya kommune. 1. mars 2016 opna dei det nye bustad- og tilflyttarkontoret. Det er eit resultat det regionale bulyst-prosjektet og tydlege politiske prioriteringar i kommunen.

Kommunane må bli flinkare til å kommunisere sine sterke og gode sider, og samstundes må dei vera klar over dei svake og utfordrande sidene. Det er eit kontinuerleg arbeid, som over tid vil vera med å gje positive resultat. Distriktssenteret sitt læringshefte «Med hjarte for den rette staden», fortel om korleis ein kan jobbe med dette i kommunen og lokalsamfunnet. Her er det både eksempel og gode råd. Samstundes er det viktig å hugse på at det ikkje finst ein fasit. Det som fungerer godt ein stad, kan fungere mindre bra ein annan stad. Råda våre er difor berre råd. Dei tiltaka ein skal gjennomføra, må tilpassast lokalt.

Lukke til med eit godt inkluderingsarbeid – og ta godt vare på tilflyttarane i ditt lokalsamfunn og din kommune!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE