550 plassar står tomme på lærarutdanningane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

554 plassar står tomme på lærarutdanningane. Det viser tal Utdanningsforbundet har fått frå Samordna opptak denne veka.

Leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, kallar situasjonen uforståeleg.

– Her har vi studentar som tilfredsstiller snittkravet på 3, og mange vel så det, og som har lyst til å begynne på lærarstudiet, men som ikkje slepp inn, samtidig som vi har tomme plassar, lærarmangel og ein aukande bruk av ukvalifiserte lærarar i norsk skule, seier Handal (bildet) til NTB.

Handal seier dei 554 tomme plassane anslagsvis vil koste samfunnet 50 millionar kroner.

– I tillegg har regjeringa brukt 10 millionar kroner på eit forkurs i matematikk der 75 prosent ikkje gjennomførte, seier han.

Utdanningsforbundet meiner dei mange tomme plassane i hovudsak kjem av det omstridde karakterkravet på 4 i matematikk, som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) innførte ved lærarutdanningane i haust. (©NPK)

LES OGSÅ: «Eg er ein av dei som strauk i matte»