Tre ord som fortel akkurat kor du er

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

What3words erstattar GPS-koordinat og gateadresser med tre enkle ord. Kan det revolusjonere korleis me orienterer oss i verda?

Problemet er velkjent: Du skal møte nokon på festival, men finn dei ikkje i folkemengda. Du har funne den perfekte plassen i å sitja i ein stor park, men venene dine forstår ikkje vegforklaringa di. Eller du har gløymt kor du sette bilen din på parkeringsplassen utanfor kjøpesenteret.

I slike situasjonar er adresser lite til hjelp. Kan løysinga vera så enkel som tre ord? Dei britiske utviklarane av what3words meiner det.

Against.blinking.candy
Prinsippet er enkelt: What3words deler opp verda i ruter på 3 x 3 meter, og gir kvar rute ei unik adresse med tre ord henta frå den engelske ordboka. Med dei tre orda kan andre som brukar appen finna den nøyaktige posisjonen din på kartet.

Til dømes er Framtida.no-redaksjonen i Oslo stasjonert på adressa against.blinking.candy. Kontoret på Stord finn du på costumes.unwraps.print. Det er meir presist enn ei adresse, og enklare å hugse enn lange talrekkjer med GPS-koordinat.

Det er ingen logisk samanheng mellom orda, som er plukka frå eit utval på 25 000 engelske ord. Skriv du customed.unwrap.print, berre éin bokstav forskjellig frå adressa på Stord, hamnar du ein stad utanfor Zhuzhou i Kina – langt frå næraste Framtida.no-kontor. Systemet er laga slik for at det skal vera lett å oppdaga feil.

Frå Mongolia til Rio
Sett bort frå enkelte i-landsproblem, som nemnt i innleiinga, har what3words kanskje det største potensialet for bruk i land der offentlege adresse- og kartsystem er dårlegare utvikla.

Systemet er aktivt i bruk i Rio de Janeiro, der folketalet har gått opp med over ein halv million under sommar-OL. Appen GoRio bruker no treordsadressene til å hjelpe besøkande rundt i den kaotiske storbyen, fortel selskapet på nettsidene sine.

I Mongolia har dei gått lenger, og tar no i bruk what3words som offisielt adressesystem i det nasjonale postverket. På den mongolske landsbygda finn me no adresser som tabbed.tearjerker.inclusive og towards.persisting.dialects, som folk kan skriva på konvolutten når dei sender brev – eller i adressefeltet når dei kjøper varer på nettet.

Kjem i norsk versjon
Det er likevel ikkje berre i fjerne himmelstrok treordsadressene blir brukt. Her heime har Statens kartverk integrert what3words i Norgeskart.no, der du orientere deg rundt i landet med hjelp av ei rad ulike koordinatsystem, og altså what3words.

Kristian Kihle, ansvarleg for Norgeskart.no i formidlingstenesta til Kartverket, forklarer at dei la treordsadressene inn i karttenesta etter at dei fekk ein førespurnad frå selskapet for halvanna år sidan. Han trur ikkje systemet er så mykje i bruk enno, men meiner det er interessant å følgje med på i framtida.

– Me veit ikkje heilt kva det her blir til, men me ønskjer å vere med, fordi det kan hende dette gjer at kvarmannsen lettare kan stadfeste ting. Viss du til dømes skal møte nokon i Tokyo, kan det vere lettare å seie at «me møtest der» med dei tre orda, seier Kihle.

Han peikar også på at what3words gir eitt enkelt system som dekkjer heile verda.

– Me ser jo at koordinatsystem kan vere litt vanskelege å forstå, og det er ulike soner ut frå kor du er i verda. Me har litt sansen for dette systemet, fordi det gir tre unike ord som alle kan forholde seg til, uansett kor du er, seier Kihle.

Ifølgje Kihle har what3words meldt at dei held på med å utvikle ein norsk språkversjon av systemet, men veit ikkje enno når dette blir tilgjengeleg. Det finst alt ein betaversjon på svensk, med adresser som kringla.skiva.sjöar.

– Viktig at det er opent og gratis
Sjølv om folk verda over har late seg fascinere og begeistre av adressene, har dei også blitt møtt med kritikk. Magasinet The Atlantic har snakka med fleire som er kritiske til at adressesystemet er eigd og kontrollert av eit kommersielt, privat selskap, og ikkje fritt tilgjengelege data. Kartverket meiner likevel per i dag det er uproblematisk å bruke systemet.

– Er det nokon utfordringar med at dette er eit privat selskap som får innpass i eit offentleg kartsystem?

– Nei, ikkje slik me ser det, men for oss er det viktig at dette er ope og gratis å bruke. Me ser på det som eit supplement til dei tradisjonelle koordinatsystema, seier Kihle.

– Så de har ikkje betalt noko for å bruke dette?

– Nei. Det er eit prinsipp for oss. Me kan ta det i bruk og bidra til at det blir lettare for folk å finne fram, men vil neppe betale noko inn i systema her.

what3words from The Creative Grid on Vimeo.

Grunnleggjarane Chris Sheldrick og Jack Waley-Cohen presenterer kva dei vil oppnå med What3words. Vimeo