KrF opnar for endringar i meddommar-ordninga


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Opnar for endringar i jury-ordninga
KrF opnar for å fjerne ordninga som gjer at mindretalet av lekdommarar kan blokkere fleirtalet i å dømme.
Partiet ønskjer framleis at fleirtalet av lekdommarar i norske rettssalar skal bestå, skriv Adresseavisen.
– Vi vil diskutere om det blokkerande mindretalet eigentleg gjev den auka rettstryggleiken det er meint å gje, seier KrFs justispolitiske talsmann, Kjell Ingolf Ropstad.
Fleire har reagert etter at tre menn blei frikjende for gruppevaldtekt i den såkalla Hemsedal-saka. Eit fleirtal av tre fagdommarar og ein meddommar røysta for at dei tre var skuldige, men dei siste tre medlemmene meinte bevisa ikkje heldt, og frifann dei tre. I slike saker må minst fem av sju røyste for å dømme.
Til hausten skal Stortinget diskutere den nye meddommar-ordninga. (©NPK)