Bransjen er likevel bekymra for sviktande inntekter frå YouTube.

mm

Tal frå IFPI Norge, interesseorganisasjonen for dei norske plateselskapa, viser at salet av musikk har gått opp med 7,8 prosent frå januar til juni i år samanlikna med same perioden i fjor. Auken kjem først og fremst av at fleire brukar strøymetenester som Spotify og Tidal.

83 prosent av inntektene frå musikksalet kjem no frå strøymetenestene. Det er ein oppgang frå 80 prosent i fjor.

Strøymer meir norsk
23 prosent av inntektene frå strøyminga går til norsk musikk, definert som musikk gitt ut på norske plateselskap. Det er ein liten vekst frå 22 prosent i fjor.

Likevel står norske artistar framleis sterkare på den fysiske delen av musikkmarknaden. Når ein tar med salet av CDar og vinylplater i rekninga, går norsk-delen opp til 25 prosent.

Berre éin av dei 50 mest spelte songane på norsk radio er på norsk. Les meir om det her!

Vinyl like stort som nedlasting
Tala viser også at salet av nedlasta musikk går kraftig ned. I første halvår i fjor kom 7 prosent av omsetnaden frå nedlastingar; i år er det berre 4 prosent.

Samstundes er salet av vinyl i like kraftig vekst: Dei store, runde platene står no for ein tredel av det fysiske musikksalet, og ein like stor del av det samla musikksalet som nedlastingar.

Vil at YouTube skal betale meir
Den store nøtta å knekke for musikkindustrien er no videostrøyminga. Tenester som YouTube blir svært mykje brukt, men gir små inntekter: 4,7 millionar kroner er ein liten nedgang frå i fjor og under to prosent av strøymeinntektene totalt.

Dette gjer Marte Thorsby, direktør i IFPI Norge, bekymra. Ho peikar på at éin av fire nordmenn brukar YouTube dagleg, og at dei konkurrerer med strøymetenester som betalar langt meir til artistane og plateselskapa.

– Det er på høg tid at me får ei lovendring som gjer at desse aktørane opererer under like konkurransevilkår i musikkmarknaden, seier Thorsby ifølgje ei pressemelding.

Treng du tips til ny musikk å kjøpe eller strøyme? Les saka vår om Anohni, som musikkforskar meiner har ei av dei mest unike røystene i popmusikken.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE