– For lite song i skulen
Musikkprofessor Jon-Roar Bjørkvold fryktar at songen er i ferd med å forsvinne frå skuleverket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tidlegare starta mange skuledagen med song, men no fryktar Bjørkvold at songen sakte men sikkert er i ferd med å gli ut av skulen, skriv NRK.
– Når eg er ute og føreles, klagar folk. Dei seier at det blir sunge for lite i skulen og folk er veldig, veldig bekymra, fortel professor i musikk ved Universitetet i Oslo Jon-Roar Bjørkvold til NRK.
Han meiner song handlar om å skape identitet og fryktar barn går glipp av noko viktig når songen blir vekkprioritert.
– Kunnskapssynet er så smalt og rasjonelt forankra at styresmaktene ikkje forstår at barn lærer gjennom kjensler, kropp og rørsle. Det er jo barnets oppskrift til å vere og derfor er songen så viktig, seier Bjørkvold.
Bjørkvold saknar tradisjonelle songar som for eksempel «Nordmannen» av Ivar Aasen og meiner at kunnskapssynet må endrast.
– Songen må sjåast som noko viktig og essensielt, og ikkje berre noko koseleg. Det er vår identitet det handlar om, seier han.
Professoren har nyleg gitt ut boka «Grunntonen – små sanger, mektige spor». Boka handlar om korleis song samla folket etter terrorangrepa 22. juli 2011.
Les også om då gutane på asylmottaket høyrte norsk musikk for første gong.