Anohni, kanskje den mest populære transkjønna popartisten i verda i dag, finn seg ikkje i å vere eit symbol på politisk korrektheit.

mm
Faktaboks

Anohni eller Antony Hegarty
Fødd i England i 1971, busett i USA sidan 1981
Album med Antony & the Johnsons: Antony & the Johnsons (2000), I Am a Bird Now (2005), The Crying Light (2009) og Swanlights (2010)
Album som Anohni: Hopelessness (2016)

Stan Hawkins
Professor ved Institutt for musikkvitskap, Universitetet i Oslo
Forfattar av Queerness in Pop Music, gitt ut på Routledge i 2016
Tidlegare bøker: Prince (2013) og The British Pop Dandy (2011)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Som transkjønna artist har eg alltid hatt plassen min utanfor hovudstraumen. Eg har gladeleg betalt prisen for å tala sanninga mi i møte med avsky og idioti, skreiv Anohni i eit skarpt blogginnlegg der ho grunngir kvifor ho boikotta Oscar-seremonien tidlegare i år.

Som den andre opent transkjønna personen i historia var den britiskfødde artisten nominert til ein Oscar for songen «Manta Ray» frå dokumentarfilmen Racing Extinction, som handlar om masseutdøying av dyreartar. Likevel blei ho ikkje invitert til å opptre på prisutdelinga. Anohni meiner ekskluderinga går inn i eit mønster av usynleggjering av transpersonar, sjølv om dette ikkje var den direkte motivasjonen for avgjerda.

– Som global oppvarming, er det ikkje éi isolert hending, men ein serie av hendingar som over mange år har skapt eit system som har forsøkt å undergrave meg, først som feminint born, og seinare som androgyn transkvinne, skriv ho.

– Vil få folk til å handle
Denne politiske energien, og denne kjensla av håpløyse, får musikalsk form på Hopelessness, albumet Anohni gav ut før sommaren. Albumet er eit nytt kapittel for artisten, som framleis er best kjent som Antony frå Antony & The Johnsons. Dei fekk eit gjennombrott med I Am a Bird Now i 2005, som låg 19 veker på VG-lista her heime.

Antony Hegarty blei fødd med mannleg kropp, men har rekna seg som transkjønna sidan ung alder. Blant nære vener og familie har ho lenge brukt namnet Anohni og kvinnelege pronomen, men tok det ikkje i bruk offentleg før ho annonserte det nye albumeti fjor.

Også musikalsk er det ei ny vending. Der Antony & The Johnsons var klassisk, intrikat pop med piano og strykarar, er Hopelessness dominert av tunge rytmar og elektroniske lydar. Over dette syng Anohni om mellom anna dronekrig, overvaking, global oppvarming.

– Eg ville at songane skulle vera dansesongar, fordi eg syntest det var noko i resten av katalogen min som nesten verka for passivt og mutt, særleg i samtale med realitetane i verda i dag. Eg ville gjera noko sterkare, noko som ville få folk som deler tankegangen til å handla, sa ho i eit intervju med Pitchfork i vår.


Musikkvideo til «Drone Bomb Me» med Anohni / YouTube

Raseri
Musikkforskar Stan Hawkins meiner samarbeidet med produsentane Hudson Mohawke og Oneohtrix Point Never har gitt Anohni «edge» og eit meir politisk, aktivistisk modus.

– Openbart hadde ho som utgangspunkt å ville lage eit politisk album. Det interessante er korleis arbeidet med produsentane tilførte ein ny dimensjon. Det er ganske aggressivt: Du har ikkje komforten av stødige groove-beats, dei skyt inn og forsvinn ut att, seier Hawkins, som er professor ved Institutt for musikkvitskap, Universitetet i Oslo.

Han meiner lydbiletet, som har preg av Intelligent Dance Music (IDM), passar saman med raseriet som kjem til uttrykk gjennom tekstane.

– Det skapar det musikalske rammeverket som den underliggande fortvilinga – over økologisk øydelegging, drapsmaskinen til dei vestlege nasjonane, alle desse temaa som kjem opp på albumet – blir utøvd innanfor, seier Hawkins.

– Tar oss ut av komfortsona
Hawkins har forska på «queerness», skeiving, i popmusikken: korleis popartistar leikar med og utfordrar normer for kjønn og seksualitet gjennom musikken og imaget sitt.

I boka Queerness in Pop Music, som kom ut tidlegare i år, argumenterer han for at denne skeivinga har element av både underhaldning og politisk opprør. Han peikar på Prince og David Bowie som framifrå døme på dette, og meiner Hegarty passar inn i arverekka etter dei.

– Antony bruker ein måte å synga på som tar oss ut av ei slags komfortsone. Det er noko med denne røysta som er djupt feminint, men samstundes maskulint, og på nokon måte klarer ho å få trans-aspektet ved identiteten sin fram gjennom røysta.

– Veldig få røyster me kan samanlikne med denne
Nettopp røysta til Anohni er det som gjer at du med ein gong kjenner igjen artisten frå albuma med Antony & the Johnsons, trass i det ulike lydbiletet. Hawkins omtalar ho som ei av dei mest unike i moderne pophistorie.

– Det er ei djupt uttrykksfull og emosjonell røyst. Ho har ein kvalitet som nærmast skjelv med emosjonell utlading, på eit nivå me har veldig få andre døme på i popmusikken. Det er veldig få røyster me kan samanlikne med denne, seier han.

Sårbarheita i røysta heng saman med biografien og identiteten til songaren, meiner Hawkins.

– Røysta speglar våre eigne kjensler om oss sjølve. Me veit at Anohni har ei vanskeleg historie, og kjønnsdysfori, som handlar om konfliktar i korleis ein finn seg til rette i sitt eige kjønn, er ein del av bakgrunnen som formar korleis røysta til ein artist som Anohni kjem ut, seier Hawkins.

LES OGSÅ: Great News kan bli det nye favorittbandet ditt


Musikkvideo til «You Are My Sister» med Antony & the Johnsons / YouTube

Vil ikkje vere symbol
Han viser til ein uttale frå Hegarty om at songaren Boy George «redda livet hans» i ungdomen fordi han var ein så sterk rollemodell. På «You Are My Sister» frå I Am a Bird Now, ein av songane Hawkins analyserer i boka si, syng Antony duett med Boy George om søsterleg kjærleik. På heile albumet er kjønn og identitet ein sentral tematikk.

Hopelessnesser til samanlikning prega av storpolitikk og menneskeheita si framtid. Med referanse til boikottinga av Oscar-utdelinga seier Hawkins at Anohni ikkje berre vil vere eit symbol på politisk korrektheit.

– Ho har faktisk sagt at ho er trøytt og lei av identitetspolitikk. Dette blir ein heilt annan kamp: Ein miljø-statement på global skala, seier Hawkins.

– Treng meir østrogen-basert tenking
For Anohni er det likevel ikkje mogleg å skilje kjønnsaspektet frå dei globale utfordringane. I tråd med «øko-feministisk» tenking meiner ho at tradisjonelt maskuline tenkemåtar er ein del av problemet, og at feminine verdiar om nærleik og omsorg er det som kan gi oss håp for framtida gjennom dagens kriser.

– Me treng meir østrogen-basert tenking, sa ho til The Guardian i 2012, og samanlikna dei mannlege og kvinnelege kjønnshormona som ulike operativsystem for kroppen. Sjølv har ho inntatt ein kvinneleg posisjon frå eit mannleg utgangspunkt.

Hawkins peikar også på at det å tøye kjønna normer, forventingar og stereotypiar kan fungere som politisk våpen.

– Skeiving er ofte «disruptivt», nedbrytande. Det er eit aspekt som verkeleg kan angripa kjenslene våre av tryggleik, seier han.

LES OGSÅ: Heile verda var samla for å høyra indiepop på Sunnmøre


Musikkvideo til Oscar-nominerte «Manta Ray» frå filmen Racing Extinction, med tekst av Anohni / YouTube

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE