Sogndal er Noregs yngste kommune

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noregs yngste kommune
Ingen stader i landet er det så få unge i høve til eldre som i Fedje kommune i Nordhordland. Og høgskulebyen Sogndal har flest unge.
Kåringa Kommune-NM er ei rangering av norske kommunar etter kor berekraftige og attraktive dei er. Kåringa er gjennomført av NHO og Vista Analyse, og omtalt i Dagens Næringsliv.
Blant kriteria dei undersøkjer er alderssamansettinga, og der kjem nordhordlandskommunen Fedje verst ut. For kvar eldre person, i aldersgruppa 60– 65, er det berre 0,53 personar i gruppa 19– 24 år.
Sogndal er den «yngste» kommunen, og har 1,84 yngre personar for kvar eldre.
Fedje hamna samanlagt på 399. plass av 428 kommunar. Sogndal vart nummer 15 i kåringa. (©NPK)
LES OGSÅ: Rapport: Alle vil ha tilflytting – men ikkje alle lukkast