– Verst i dei store studiebyane.

mm

To veker før nær 300.000 studentar strøymer til universitet og høgskular over heile landet, står framleis mange tusen utan ein stad å bu.

Berre i hovudstaden står 7.000 på venteliste til studentbustadar, melder NRK.

LES OGSÅ: Slik får du tak i hybel

Ifølgje Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) er det rekordmange søkjarar som står utan bustad. Det er verst i dei store studentbyane der mange hundre ventar i kø på å få tildelt ein hybel.

Tildelingsreglane for studentbustader prioriterer studentar som har bustad frå før, førsteårsstudentar som er busette utanfor Oslo og Akershus og internasjonale studentar.

På grunn av det store trykket på studentbustadar, må mange prøve seg på den private leigemarknaden. Utleigarar av hyblar som passar for studentar fortel til NRK at dei har fått opp mot 60– 70 meldingar på kort tid.

Dei siste fem åra har det blitt 45.000 fleire studentar, medan det berre har blitt bygd 7.743 nye studentbustadar, viser studentbustadsundersøkinga til Norsk Studentorganisasjon.

LES OGSÅ: Hard kamp om husrom for studentane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE