Her er arbeidsløysa størst
Tre vestlandskommunar blant topp sju.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I løpet av juli vart det 500 færre heilt arbeidslause, viser tal frå NAV. Summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak minka med 200 personar.
– Dei siste månadene har det vore ein nedgang i talet på heilt arbeidslause. Dette skuldast at fleire arbeidssøkjarar har starta i tiltak, men også at det er færre nye arbeidssøkjarar no enn for nokre månader sidan. Utviklinga på arbeidsmarknaden har dermed vore betre enn vi venta, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng i ei pressemelding.
Arbeidsløysa har gått mest ned i Østfold og i Sogn og Fjordane i løpet av jul. Aust-Agder og Finnmark er fylka med størst auke i arbeidsløysa siste månaden.
Fleire får jobb i butikk
I løpet av juli gjekk arbeidsløysa ned i alle yrkesgrupper bortsett frå blant leiarar, der det var ein liten auke, og innan jordbruk, skogbruk og fiske og ingeniør- og ikt-fag, der arbeidsløysa var uendra.
Rekna i talet på personar er nedgangen størst i yrkesgruppene butikk- og salsarbeid og kontorarbeid.
LES OGSÅ: Råd for unge arbeidssøkjarar: – Vis initiativ!
Ulik utvikling
Samanlikna med juli i fjor er det færre arbeidslause i 12 av 19 fylke. Nedgangen er størst i Nord-Trøndelag med 19 prosent og Sogn og Fjordane med 13 prosent. Arbeidsløysa har auka mest i Rogaland med 34 prosent og i Hordaland med 23 prosent.
Arbeidsløysa er høgast i Rogaland med 4,6 prosent og i Aust-Agder med 4,2 prosent. I Sogn og Fjordane og i Oppland er arbeidsløysa lågast med 1,7 prosent og 1,9 prosent.
Her er kommunane med prosentvis flest heilt ledige:
Kautokeino: 6,7 prosent
Vardø: 6,2 prosent
Eigersund: 5,9 prosent
Stord: 5,8 prosent
Hasvik 5,6 prosent
Herøy i M&R: 5,6 prosent
Rissa: 5,6 prosent
Sjå tal for alle kommunane her!
LES OGSÅ: «Endeleg er eg arbeidslaus»