190 har søkt om å endre juridisk kjønn etter 1. juli
Nokre har venta heile livet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
190 har søkt om å endre juridisk kjønn
I den første månaden etter at det blei mogleg å søke om å endre juridisk kjønn utan medisinsk behandling eller diagnose, har 190 personar søkt, får NTB opplyst hos Skatteetaten.
Leder av Fri – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, Ingvild Endestad, seier til NTB at ho ikkje er overraska over talet.
– Av dei 190 er det mange som har venta veldig lenge, nokre har venta heile livet, seier ho.
Sjølvbestemt kjønn
Fram til no har ein måtta gjennomgå diagnostisering, medisinsk behandling og sterilisering for å endre kjønn juridisk.
Praksisen har vore gjeldande i fleire tiår og har i dei seinare åra blitt kritisert både i Noreg og internasjonalt. Praksisen har også fått kritikk for at det har vore svært vanskeleg å tilfredsstille krava som skulle til for å få den rette diagnosen.
– Søkjartalet til no er eit resultat av at folk endeleg får moglegheit til å bestemme sjølve. Det er mange som har vegra seg for å gå gjennom diagnostisering eller ikkje ønskt medisinsk behandling, seier Endestad, og legg til:
– Den einaste som sit med makta til å bestemme no, er kvar enkelt, heldigvis.
LES OGSÅ: Transseksuelle Lea Ariana: – Eg vil berre vera ei vanleg dame
Ingen avslag
Ho trekker fram at dette er ei veldig etterlengta moglegheit for dei mange som har fått avslag under den gamle praksisen, som ikkje var lovfesta.
– Eg trur at alle som har levd under det systemet som har vore fram til no, kjenner på ei frykt for at det skal kome noko som hindrar dei i å få retta sitt juridiske kjønn, seier Endestad.
Av sakene som er ferdigbehandla er det ingen som har fått avslag, ifølgje etaten, men dei kan ikkje gi tal for kor mange saker som er ferdigbehandla eller kor lang saksbehandlingstida er.
For å endre juridisk kjønn i Folkeregisteret kan ein sende søknad til Skatteetaten. Skattekontoret fattar vedtak om endring av juridisk kjønnsstatus og tildeler nytt fødselsnummer i Folkeregisteret.
LES OGSÅ: Fristad for trans*ungdom
Faktaboks
Fakta om juridisk kjønn
* Juridisk kjønn er det kjønnet ein får tildelt ved fødselen og som blir registrert i Folkeregisteret.
* Tidlegare måtte ein person gjennomføre kjønnskorrigerande behandling og kirurgi for å få endra juridisk kjønn, og det var fullstendig overlate til medisinsk personell å fastslå kjønnsstatus.
* 6. juni 2016 vedtok Stortinget ny lov om endring av juridisk kjønn.
* Med den nye lova kan personar som har fylt 16 år sjølv søke om endring, utan krav til diagnose eller medisinsk behandling.
* Barn mellom 6 og 16 år kan skifte juridisk kjønn med samtykke frå minst éin forelder.
* Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet stemte imot forslaget til ny lov.
* Loven blei gjeldande frå 1. juli 2016. (©NPK)