Slaktar norsk vindkraft-satsing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Janne Thygesen, samfunnsforskar ved IRIS, som kritiserer den norske vindkraft-innsatsen i ein fersk doktoravhandling.

– Noreg og Skottland starta likt ved tusenårsskiftet. 14 år seinare hadde Skottland bygd ut fem gonger så mykje vindkraft som Noreg, seier Thygesen i ein artikkel publisert på Forskning.no.

Landa er relativt like, med store olje- og gassressursar, i tillegg til god tilgang på vasskraft. Likevel har Skottland fått til det Noreg ikkje har: å byggje ut vindkraft i stor skala.

Rundt 15 år tilbake i tid hadde Noreg eit mål om å byggje ut tre terrawattimar (TWh) vindkraft, om lag 500 moderne vindmøller, innan 2010. Noreg klarte berre éin tredel, og målet er framleis ikkje nådd i 2016. I Skottland var målet to TWh. Innan 2010 var fem TWh bygd ut.

LES OGSÅ: 2015 var eit rekordår for fornybar energi

– Noreg såg seg blinde på kostnader knytt til fornybare energikjelder, medan Skottland såg moglegheiter. I Noreg har dei positive moglegheitene knytt til arbeidsplassar, klimagassreduksjonar og forsyningstryggleik i staden blitt knytt til utbygging av gasskraft innanlands, meiner Thygesen, som omtalar olje og gass som ei kvilepute.

Sjølv om Noreg så langt har levert langt under par, har samfunnsforskaren tru på ting kan skje, med overføring av teknologi frå olje- og gass til vindkraft til havs.

– Dersom styresmaktene gir støtte til bygging av store anlegg utanfor norskekysten, kan havindustrien få utvikle seg. Utan denne satsinga vil vi sakke håplaust akterut for andre land som allereie er godt i gang med havvind, meiner Thygesen. (©NPK)

LES OGSÅ: Her kjem Europas største vindpark – i Trøndelag