Difor må produsentane bruka meir plantevernmiddel. Forskar seier ikkje-kjemiske metodar er nøkkelen til å bryta den vonde sirkelen.

NPK
NPK

Denne sommaren har me merka gråskimmel i jordbær, kålmøll og potettørråte. Dette er skadedyr som vert meir resistente mot plantevernmiddel, både i Noreg og i resten av verda.

– Resistenssituasjonen me opplever hjå planteskadegjerarar minner om resistenssituasjonen me ser ved auka antibiotikabruk hjå menneske, seier Ingeborg Klingen frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Ho leier avdelinga Skadedyr og ugras, og meiner me treng eit overvakingsprogram for å setja i verk rette tiltak. Ho fortel at skadegjerarane kan koma frå utlandet òg.

– Det gjer det ekstra vanskeleg når me ikkje veit kva skadegjeraren har vorte utsett for. Det store angrepet med kålmøll i år er eit godt døme på det. Den kom truleg frå Baltikum og Russland, seier Klingen.

LES OGSÅ: Økologisk jordbruk ikkje meir miljøvenleg

– Ikkje-kjemiske metodar er nøkkelen
Ein Nibio-rapport frå 2014 viste at 27 ulike plateskadegjerarar hadde utvikla ein viss grad av resistens mot plantevernmiddel.

Nina Svae Johansen, som leidde arbeidet med rapporten, meiner produsentane ofte kjem inn i ein vond sirkel fordi når plantevernmidla verkar dårlegare aukar det behovet for å bruka meir.

– Nøkkelen er å bruka ikkje-kjemiske metodar, meiner Svae Johansen.

EU har laga eit regelverk for å unngå resistente skadedyr, integrert plantevern (IPV), som tek utgangspunkt i åtte prinsipp, mellom anna om overvaking, preventive tiltak, og å unngå kjemiske metodar om mogleg. (©NPK)

LES OGSÅ: Utviklinga snur – no vert det fleire økobønder

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

ANNONSE