Låner ut verktøy, kunst og fritidsutstyr på biblioteket

I København har biblioteka fjerna ein tredel av bøkene til fordel for verktøy. – Kanskje vi gjer det same i Oslo også, seier bibliotek i hovudstaden.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Låner ut verktøy på biblioteket

Utlånet av bøker i norske folkebibliotek går ned. Men gjennom å stadig fornya seg har biblioteka sytt for at talet på besøkjande aukar. Vårt Land har laga ei oversikt over nokre av dei utradisjonelle tilboda som no har dukka opp på norske bibliotek. Biblioteket i Tana er eitt av fleire som låner ut ski- og snowboardutstyr, men i tillegg tilbyr biblioteket både rulleskøyter, bålkjele, sykkelvogn og ein 25-manns lavvo.

I Oppegård kan folk låna fiskestenger på biblioteket. Det same gjeld i Askøy, der folk også kan henta med seg kano og redningsvest.

Og ser ein til utlandet, blir det frå hausten mogleg å låna verktøy på biblioteka i København.

– Verktøy høyrest spennande ut! Kanskje vi burde byrja å låna ut det også, seier kommunikasjonsleiar Jørn Johansen ved Deichmanske bibliotek i Oslo. Ved folkebiblioteket i hovudstaden kan ein allereie låna frø til planting, 3D-pointerar, musikkinstrument og gitarpedalar, medan Asker bibliotek tilbyr utlån av kunst du kan hengja i stova.

Biblioteka i Vestre Toten og Nesodden står kanskje for det friskaste utlånstilbodet. Der kan innvandrarar låna nordmenn for bli betre kjende med norsk språk og kultur. (©NPK)

Kanskje ein god idé å låna bøker likevel? Som me skreiv om i går, kan skjønnlitteratur gjera deg meir empatisk!