Unge mindre interessert i harde nyhende
Men diskuterer like mykje som andre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Uroa over lite nyhendelesing
Ei undersøking av mediekonsumet til nordmenn viser at 1 av 2 nordmenn er nyhendesøkarar og at 1 av 10 er nyhendeunnvikarar. Det er flest unge kvinner som er lite interesserte i nyhende.
Undersøkinga er gjort av Trøndelag Forsking og Utvikling på oppdrag frå Mediemangfaldsutvalet.
– Dette er interessante funn, som stadfestar at nordmenn er opptekne av nyhende. I eit demokratiperspektiv kan det likevel vera grunn til bekymring at ei gruppe som for ein stor del består av unge menneske, er lite oppteken av harde nyhende, seier leiaren til Mediemangfaldsutvalet Knut Olav Åmås i ei pressemelding.
Ifølgje rapporten har nyhendeunnvikarane så låg kunnskap at det er grunn til bekymring med tanke på demokratisk deltaking for mange av desse.
Trass i lågare interesse for å følgja med på harde nyhende, snakkar dei unge like mykje som andre aldersgrupper om slike tema. Mellom 58 og 67 prosent har gjort dette siste halvåret. Og éin av fem har delte slik saker på sosiale medium.
LES OGSÅ: Unge usynlege i media: – Dette er draumeavisa vår
Mediebruk i Noreg:
• Nesten halvparten av folkesetnaden oppgjev å vera «nyhendesøkarar», med sterk interesse for å følgja med på alle harde nyhende, som nyhende om internasjonal, nasjonal og lokal politikk og hendingsnyhende.
• Ein av 10 nordmenn oppgjev at dei er lite interessert i harde nyhende og kan dermed karakteriserast som «nyhendeunnvikarar». Desse unngår ikkje alt som er av medium og nyhende, men interessa for å følgja med er klårt lågare enn i andre grupper. Mellom nyhendesøkarane og -unnvikarane finn me dei moderate nyhetssøkande, med høvesvis lokal orientering (27 pst) og internasjonal orientering (13 pst).
• Interessa for harde nyhende er sterkare hos eldre medan delen nyhetsunnvikarar er størst blant dei under 30 år. Menn er meir interessert i harde nyhende enn kvinner, og kjønnsskilnadene er, noko overraskande, store òg blant unge vaksne under 35 år.
• Delen betalande lesarar er betydeleg lågare blant personar under 40 år, og blant dei som betalar for avis i dag trur berre sju av ti at dei vil betala for avisinnhald (papir eller nett) om 12 månader.
Faktaboks
Så mange unge under 25 år bruker denne mediekanalen kvar veke:
Sosiale medium: 87 %
Nasjonal avis: 67 %
Andre tv-kanalar: 57 %
Nettsider til tvkanalar: 54 %
TV2-kanalar: 53 %
Regional avis: 50 %
NRK-kanalar: 50 %
Lokalavis: 49 %
TV Norge: 49 %
Kommersiell radio: 43 %
NRK Radio: 35 %