Generasjon Utøya

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei må løysa dei store problema

– Det er heilt klart at 22. juli mobiliserte ein generasjon unge, og det kan synast som at dette er eit engasjement dei tar med seg vidare inn i livsløpet, seier sosiolog og ungdomsforskar Guro Ødegård ved velferdsforskingsinstituttet NOVA.

Ho var mellom dei første som forska på korleis 22. juli påverka det politiske engasjementet blant unge i dagane og vekene etter terroråtaka i 2011, og har også undersøkt valdeltaking og politisk rekruttering blant unge i åra etterpå.

LES OGSÅ: Auka engasjement etter 22. juli

«Kva kan eg gjera?»
Ødegård meiner det er grunnlag for å snakka om ein «Utøya-generasjon» som er varig prega av hendingane for fem år sidan, og som i større grad enn tidlegare ungdomsgenerasjonar sluttar opp om det etablerte politiske systemet.

– Dei som var i sin unge og politisk formbare fase då terroren råka, blei påverka i større grad enn eldre borgarar. Det gjorde nok eit usletteleg inntrykk på desse som var i ein formbar fase, og som spurte seg «kva kan eg gjera?» Det dei gjorde, var at fleire nytta røysteretten sin, og fleire melde seg inn i eit politisk ungdomsparti, seier Ødegård.

Som Framtida.no skreiv om tidlegare i dag, har det samla medlemstalet i ungdomspartia gått opp med 28 prosent samanlikna med åra før 2011.

KOMMENTAR: Høyr på Kongen – la ungdom få påverka

Tilpassing, ikkje opprør
– Samstundes er det grunn til å tru at dette forsterka ein tendens me såg allereie tidlegare, der unge menneske ikkje brukar  politikken som eit opprør mot foreldregenerasjonen, men som ei tilpassing til samfunnet. Dette passar inn i biletet av ein ungdomsgenerasjon som brukar ungdomstida si til å disiplinere seg for framtida, seier Ødegård.

Forskaren peikar på at dagens unge røystar meir likt foreldregenerasjonen enn kva ungdom gjorde før.

– I skulevala er det ikkje den store oppslutnaden om fløypartia, slik det var for 10-20 år sidan. Eg trur me er inne på noko som handlar om meir enn 22. juli, samstundes som 22. juli blei enormt dannande for ei viss aldersgruppe sitt politisk engasjement, seier Ødegård.

LES OGSÅ: Ungdomspartia meir synlege etter 22. juli

Nådde ikkje målet med åtaket
Fleire av dagens ungdomspartileiarar seier til Framtida at 22. juli har prega ungdomspolitikken i tida etterpå.

– Eg opplevde at sjølv om det var eit åtak på Arbeidarpartiet og AUF, så kjente heile det ungdomspolitiske miljøet at det var nokre felles verdiar på tvers av partipolitiske skiljeliner som blei råka den dagen, og det gav nok ungdomspolitikken eit litt større alvor, seier Kristian Tonning Riise, leiar i Unge Høgre (bildet).

Han meiner ungdomspolitikken har fått større spelerom i tida etter 22. juli.

AUF-leiar Mani Hussaini (bildet) peikar på at nettopp ungdomar sitt engasjement var eit av måla som blei råka av terroren.

– Det at fleire ungdomar har fått eit meir medvite forhold til politisk engasjement etter 22. juli-terroren meiner eg er eit prov på at målet med åtaket heldigvis ikkje blei nådd, seier han, og understrekar at unge framleis må kjempa mot nedlatande haldningar.

Det er trass alt ungdom som er framtida, og då må unge menneske få høve til å vera med og forma han.

LES OGSÅ: «Fem år sidan me bestemte at kjærleiken skulle vinna over hatet»

«Great generation»
Då forskar Guro Ødegård intervjua politisk aktiv ungdom like etter terroråtaka, sa fleire at dei opplevde å ha fått større anerkjenning for engasjementet sitt.

– Den eksponeringa som veldig mange unge politikarar fekk, ved å stå fram i media på ein verdig og god og skikkeleg måte, gjorde også noko med folk si haldning til unge politikarar, seier Ødegård.

Ødegård trekk fram at det går ei demokratiseringsbølgje gjennom heile den vestlege verda når det gjeld å inkludere ungdom. Ho fortel at mange sosiologar spår at dagens unge representerer ein ny «great generation» som vil setja sitt tydelege avtrykk på samfunnet, slik 68-generasjonen i si tid gjorde det.

– Forskarar meiner at dagens ungdomsgenerasjon er den nye generasjonen som vil måtta løysa dei store samfunnsutfordringane me står overfor, seier Ødegård.

LES OGSÅ: – Politikk blir mykje meir spennande og viktig når me får stemma

Faktaboks

• I 2009 hadde dei åtte største ungdomspartia til saman 21 439 medlemer
• I 2015 var det samla medlemstalet 27 489 (opp 28%)
• AUF har vakse mest, men også fleire av dei andre ungdomspartia har hatt stor vekst
• Andre ungdomsorganisasjonar utanom ungdomspartia har også hatt ein medlemsvekst på over 10 % frå 2009 til i dag