AUF-leiaren: – Vi må ta eit oppgjer med hatet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

AUF-leiaren krev oppgjer med hatet

– Vi kan ikkje tenkja at vi har teke eit oppgjer med tankegodset etter 22. juli, og så er vi ferdige med det. Kampen for demokratiet, kampen mot rasisme og kampen for likeverd er verdiar vi har måtta kjempa for kvar dag, og som vi vil halda fram å kjempa for kvar einaste dag, seier Hussaini til NTB.

Tysdag opna AUF eit nytt læringssenter på Utøya. Planen er at ungdom frå heile Europa kan komma og reflektera over kva demokrati betyr, utfordringar og korleis dei sjølve kan verna om demokratiet.

LES OGSÅ: Nybygg på Utøya symboliserer dei drepne

Oppgjer
– Det er ikkje mogleg med eit «oppgjer» i eintalsform, derimot ein kontinuerleg, kritisk diskusjon. Han har vi hatt i fem år, og han har vi framleis heile tida, sa Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås til Dagsavisen laurdag.

– Dessverre ser vi at terroristen ikkje var åleine om tankane sine, sjølv om han var åleine om handlingane. Kvar einaste dag ser eg døme på folk som hyller terroristen for det han meinte, og eg har sett nokre som hyller han for det han gjorde, seier Hussaini.

For han er ikkje dette eit teikn på at vi ikkje har lykkast i å svara på terrorangrepet med meir demokrati og det å vera meir opne, slik Jens Stoltenberg lova to dagar etter angrepa.

– Det er eit bevis på at vi må halda fram å kjempa. Vi må verna om verdiane våre, om demokrati og ytringsfridom, seier Hussaini.

LES OGSÅ: – Ingen blir fødde til å hata, sa Mani Hussaini under minnemarkeringa på Utøya i fjor sommar

Ytringsfridom
AUF-leiaren seier han har fått spørsmål om det å stengja kommentarfelta kan vera ei løysing for å bli kvitt denne typen ekstreme haldningar. Det meiner han blir feil.

– Eg vil at det skal vera så ope som mogleg. Eg meiner at vi flyttar oss inn i ei farleg sone med ein gong vi tek til å innskrenka ytringsfridom. Den beste måten å få ut desse haldningane på, er å røykja dei ut, meiner han.

– Då kan vi diskutera med dei, og i beste fall vil andre rundt dei sjå at argumenta dei kjem med ikkje er gode nok. Det er noko vi må halda fram å gjera, seier Hussaini.

Arbeidarpartiet
Mykje er skrive og sagt om terrorangrepa for snart fem år sidan. Noko Hussaini har sakna, er ein større diskusjon om det underliggjande hatet mot Arbeidarpartiet, som mellom anna kjem fram i kommentarfelt og bloggar.

– I det siste har det blitt peikt på at hatet mot Arbeidarpartiet kanskje har vore underkommunisert. Eg meiner at vi må møta dette hatet, seier Hussaini.

Det tok tre år før partisekretær Raymond Johansen vedgjekk at Ap hadde underkommunisert at 22. juli var eit angrep på arbeidarrørsla, seier forfattar og ansvarleg redaktør for Agenda Magasin, Stian Bromark, til Dagsavisen. Han meiner det var frykt for skuldingar om å slå politisk mynt på angrepet som er årsak til at partiet var så tilbakehaldne.

– Det var sikkert mange som trudde, meg sjølv inkludert, hatet mot Ap og AUF ville bli mykje mindre etter 22. juli, men dessverre ser vi at det framleis er der. Det må peikast på og diskuterast på ein eller annan måte, seier Hussaini. (©NPK)

LES OGSÅ: I fjor tok AUF Utøya tilbake, og arrangerte den tradisjonsrike sommarleiren sin på øya for første gong sidan terroråtaket i 2011