Fortset Juvfonne å smelta i same tempo som no, er det ikkje mange år før istunnelen i Klimaparken er borte.

mm

– Ser du vegen? Det er all trafikken som har brote opp permafrosten.

Allereie i el-bilen opp til Juvasshytta er dei lokale guidane Bjørn Ola Sveen Volden (26) og Åsmund Gaukstad (24) i gang med formidlinga.

– Jælma dårleg milepåle
Begge er levande oppteken av klimautfordringane og naturgeograf Åsmund har tala på plass.

I 2013 kom CO2 nivået i atmosfæren for fyrste gong opp på 400 ppm (deler per million), ein rekord som i januar i år vart permanent. Det er ei auke på nesten 42 prosent frå førindustrielt nivå, som var på 280 ppm.

Åsmund kallar det ein «jælma dårleg milepåle å nå».

– At temperaturane har endra seg opp igjennom tidene er jo bevist. Men det har aldri gått så fort som no – og det er som er så skremmande, stemmer Bjørn Ola i.

Metannivået har auka endå meir radikalt, med 140 prosent så mykje metan i atmosfæren enn det var før den industrielle revolusjon.

Begge klimaguidane er uroa for effekten desse raske endringane har på heile systemet, frå issmelting til havstraumar.

Glittertind over Galdhøpiggen
Den ujamne vegen, som er Nord-Europas høgaste bilveg, bøljar seg oppover i den nordlegaste delen av Jotunheimen. 

Til sommarskisenteret, som ligg 1850 meter over havet, kjem alpinlandslag frå heile Europa og USA. Men det trengs snøkanonar for å sikra føret.

Området er òg startstad for mange som vil gå dei 2469 metrane opp på Galdhøpiggen, Noregs høgaste fjell. Toppen er dekt av skyer i dag.

Snur ein seg rundt ser ein Glittertind, som med sine 2452 meter utan snø er Noregs nest høgaste fjell. Før var faktisk denne toppen høgare enn Galdhøpiggen om ein tok med all isen på toppen, men det har ikkje Åsmund fått erfare anna enn gjennom faren sine forteljingar.

Denne informasjonen får dagens gruppe – ein speidartropp frå Ålesund – til å måpe.

Noregs eldste speidargruppe 1. Ålesund er på tur til Jotunheimen og lærer korleis permafrost oppfører segNoregs eldste speidargruppe, 1. Ålesund, er på tur til Jotunheimen og lærer korleis permafrost oppfører seg.

Permafrosten
På kommando frå Bjørn Ola hoppar heile gruppa på ein liten jordflekk. Underlaget byrjar å gynge. Og når 8 år gamle Mathilde får stå åleine og hoppe skjer det same.

Det trengs med andre ord ikkje meir enn 20 personar i ulike vektklassar for å bryte opp permafrostkrystallane i bakken.

Bjørn Ola peikar på bygningane som står klare til å ta imot fjellturistar, fleire er skeive og ein har lausna heilt frå grunnmuren i stein. Her har byggherrane sett opp pålar fleire titals meter ned i det meir stabile underlaget. Det er ikkje lett å byggje på permafrost.

– Kva er gale med at permafrosten tinar, anna enn at hus og vegar flyttar på seg?

– Gassutslepp, får Åsmund til svar.

Han er nøgd, og utdjupar at når permafrosten tiner slepp han ut metan, ein klimagass som er verre enn CO2.

Kring 20 prosent av verda er dekt av permafrost. At denne no smeltar er difor alvorleg.

I Sør-Noreg går permafrostgrensa på kring 1600 meter over havet, der temperaturen i jordgrunnen er under null grader over lengre tid.

Isfonn
Gruppa beveger seg frå parkeringsplassen mot Juvfonne. Det er i denne isfonna Norsk Fjellsenter i Lom har fått lov å byggje ein 60 meter lang istunell, som er hovudattrakssjonen i Klimaparken.

–  Det er faktisk eitt offentleg bygg med brannvarslarar, smilar Bjørn Ola, som er rimeleg trygg på at den blaute trekonstruksjonen ikkje vil ta fyr.

Dette er fjerde sommaren han guidar turistar inn i Noregs eldste daterte is, som er 6600 år gamal.

– Er det nokon som veit forskjell på ei fonn og ein bre?

Gruppa vert stille. Kan det ha noko med alderen å gjera? Nei, denne isfonna er over 6600 år gamal, noko ein bre òg kan vera.

Til slutt kjem det: Medan ei isfonn ligg i ro, så er ein bre i rørsle på grunn av trykket.

Sjå korleis istunnelen vart bygd:

Minskar år for år
Åsmund, som var med å grave tunellen er tilbake att som guide etter nokre års pause.

– Det finnast ikkje maken til plass å formidla klimautviklinga. Det gjev eitt heilt anna perspektiv på ting. Berre på dei tre åra eg har vore vekke har isen smelta 20-30 meter.

–  Når det tek hundre år å få eitt slikt lag med is…

Åsmund held opp fingrane til ei kring ti centimeter lang glipe.

– … så seier det seg sjølv at det er vanskeleg å kompensera for.

Inngangen på istunnelen har trekt seg kraftig tilbake. På same måte reknar han med at taket, som i byrjinga var 13-15 meter – no er om lag halvert.

I år har dei vorte nøydd å leggja ein isolerande duk over området der hola ligg, for å hindra smeltinga.

Den første istunnelen vart bygd i 2010, men smelta allereie året etterpå. Dagens tunnel vart grove ut for hand på nokre månadar og har stått sidan 2012.

I dag held isen 2,7 minusgrader, medan lufttemperaturen i hola er minus 2,6.

Det er med andre ord ikkje fare for smelting innanfrå, med mindre det vert luftsirkulasjon.

Kan vera vekke om tre år
Istunnelen har fått namnet Mímisbrunnr – etter kunnskapens brønn i norrøn mytologi. Innvendig har isskulptør Peder Istad utforma ein tunnel med eit norrønt tema, som er Jotunheimen verdig. Her finn ein både Yggdrasil og Midgardsormen.

I fjor hadde dei mellom 3500 og 4000 besøkande, vêret er som alltid avgjerande for årets sesong som nettopp starta.

På veggane er det isblokker med kopiar av gjenstandar som har vorte funne når isen i området har smelta. Ei 1500 år gamal pil, ein 1000 år gamal skremmestav for rein og ein 3400 år gamal sko.

Born og vaksne prøver issklia, tek bilete og ser ein film, som viser korleis hola vart laga.

– Er det nokre spørsmål?

– Men kor lenge kjem denne tunnelen til å vara?

– Heilt ærleg Mathilde, så veit eg ikkje. Eg estimerer tre år, men om me er heldige kan det bli 20 år. Men om me får ein ny sommar som 2014 – som var verdas beste sommar, men ikkje for meg – så vil det gå fort, avsluttar Bjørn Ola.

Istunnellen er utstyrt med LED-lys for å ikkje varma opp isen og slik at dei slepp å byte pærer ofteIstunnelen er utstyrt med LED-lys for å ikkje varma opp isen og slik at dei slepp å byte pærer inni isen ofte.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10
ANNONSE