Åtvarar om databruk i utlandet etter prisendringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar om databruk i utlandet

– Prisar på mobilsurfing kan variere mykje frå abonnement til abonnement. Sidan mange operatørar no endrar prisane sine, er det lurt å sjekke kva slags roamingprisar som gjeld for abonnementet ditt i det landet du skal reise til, seier fungerande forbrukarombod Bente Øverli.

Frå neste sommar av har Europaparlamentet vedteke å fjerne alle roamingavgifter innanfor EU og EØS, slik at mobilbruk ikkje skal koste nemneverdig meir. Delar av reglane er allereie gjeldande, men prisane varierer veldig frå mobiloperatør til mobiloperatør.

– Det er viktig at forbrukarane kan samanlikne ulike tilbod ta informerte val. Difor må marknadsføring av mobilabonnement vere tydeleg, meiner Øverli.

Forbrukarombodet ber folk passe ekstra godt på i ferien, og ikkje tru at mobilsurfing no er billegare for alle.

– Vi vil følgje nøye med på marknadsføring av mobilabonnement framover for å sikre at forbrukarane får god informasjon om prisar for utanlandsbruk, avsluttar Øverli. (©NPK)

LES OGSÅ: Slepp unna mageplager på utanlandsferie