Korleis lika seg sjølv utan hundre likes?

Rikke Næss
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men korleis lika seg sjølv utan hundre likes? Me postar innlegg med fleire lag filtrering og redigering. Og sjølvsagt vil me ha likes, for det er jo ei slags bekrefting, ein slags ubevisst respons frå folket om at ein er god nok. Og får ein ikkje nok likes, synk kanskje sjølvtilliten eit par hakk. Slik er det no til dags. Det gjeld sjølvsagt ikkje alle, men spesielt dei unge.

Det er liksom viktigare at andre skal tykkje du er god nok, enn at du sjølv tykkjer det. Det er jo eit heilt feil perspektiv me har danna oss, spør du meg. For me er bra nok – kvar og ein av oss. Det er lov å starta å tenkja litt på seg sjølv, klappa seg sjølv på skuldra, gje seg sjølv litt skryt – og gjerne eit par komplement kvar dag! Slik blir du god nok for deg sjølv. 

Livet handlar ikkje om å få hundre likes på nettet. Heller ikkje om kva alle andre meiner om deg. Nokre gongar treng ein å høyre det av andre, men viktigast av alt òg av seg sjølv; du er god nok.

LES OGSÅ: Kor mange likes er nok?