Minst 84 vart drepne i angrepet, som politiet knyter til ein 31 år gammal mann. Frankrike erklærer tre dagars landesorg etter terroren i Nice.

(NPK-NTB-Anne Marte Vestbakke):
(NPK-NTB-Anne Marte Vestbakke):

Over ei strekning på to kilometer dundra den kvite lastebilen nedover strandpromenaden i Nice og køyrde ned menneske som var komne for å sjå fyrverkeri og feire den franske nasjonaldagen. Det fleire tonn tunge køyretøyet meidde ned alt og alle.

Tilbake låg minst 84 døde.

Styresmaktene i Frankrike har erklært tre dagars landesorg etter enda eit terrorangrep.

– Frankrike sørgjer, men vi er òg sterke, seier president François Hollande.

Les også: Frankrikes president, François Hollande, var raskt ute etter angrepet: – Lastebilangrepet i Nice var ei terrorhandling

Identifisert
Politiet har formelt identifisert gjerningsmannen, seier politikjelder til nyheitsbyrået Reuters. Det er snakk om ein 31 år gammal fransk-tunisiar, og ifølgje avisa Nice-Matin er namnet Mohamed Lahouaiej Bouhlel.

Politiet fann identitetspapira til mannen i lastebilen han brukte i angrepet. Avisa skriv òg at dei fann eit anna id-kort i bilen.

Inga gruppe eller organisasjon har hittil tatt på seg ansvaret for ugjerninga.

– Før vi veit kven som står bak, er det vanskeleg å snakke om tiltak, og kva som verkar. Dagen i dag må først og fremst gå til å fordømme handlinga og å sende tankar til offera og familiane deira, seier statsminister Erna Solberg (H).

Generelt meiner ho den største utfordringa ikkje er den organiserte terrorismen, men personar som handlar på eiga hand.

Fleire har lagt ned blomster ved den franske ambassaden i Oslo fredag føremiddag etter terrorangrepet i Nice torsdag kveld. Foto: Jon Olav Nesvold/NTB Scanpix

Drama
Augnevitne skildrar grufulle scener og fortel at vrakdelane flaug mens bilen pløgde seg gjennom folkemassen. Utanriksdepartementet har ikkje fått meldingar om at nokon norske er ramma, men fleire hamna midt i dramaet, blant dei Pål Christian Møller og kona.

– Vi var fem meter frå der lastebilen kom køyrande forbi. Eg såg ein stor bil som passerte veldig fort. Så høyrde vi folk skrike, og vi såg fleire kroppar som låg på bakken, seier Møller til NTB.

– Vi sprang, og etter nokre sekund høyrde vi det som høyrdest ut som skyting bak oss, seier han og fortel om kaos og panikk.

Til slutt skaut og drap politiet mannen i lastebilen. Tilbake stod køyretøyet pepra med kulehol.

No ber sjukehusa folk om å gi blod på grunn av akutt mangel. Minst 70 er såra, og tilstanden er kritisk for 18 av dei etter terrorangrepet seint torsdag kveld.

Les også: Eit stadig meir oppgitt fransk folk har gjort radikalisme akseptabelt og skapt ei jakt etter syndebukkar, sa Frankrike-ekspert etter angrepet på Charlie Hebdo i januar i fjor.

«Fattigmannsangrep»
– Terrorangrepet i Nice er fattigmannsjihad og vitnar om at terrorisme blir planlagt og utført av enkeltindivid, ikkje av koordinerte grupper frå Midtausten, seier terrorforskaren Frank Orban ved Høgskolen i Østfold.

Orban fortel at franske jihadistar i Syria i mai sende ut ein video der dei bad andre franskmenn om å angripe landet med alle moglege middel.

– Terroristane bruker stadig oftare bilar til å køyre ned folk, og det er effektivt fordi enkeltpersonar kan gjere det med svært enkle middel. Alt ein treng, er ein stad med mange menneske, seier journalisten og historikaren Deniz Serinci til det danske nyheitsbyrået Ritzau.

Teknikarar frå politiet i arbeid på Promenade des Anglais i Nice fredag morgon, dagen etter at meir enn 80 menneske vart drepne då ein lastebil køyrde inn i ei menneskemengde som var samla i gata for å feira den franske nasjonaldagen. Foto: Paul Kleiven/NTB Scanpix

Mobilisering
President Hollande seier han har mobilisert reservestyrkane i både hæren og politiet etter angrepet.

Unntakstilstanden som har rådd i Frankrike sidan terrorangrepet som kosta 130 menneskeliv i Paris i fjor, vart dessutan forlengd i tre månader. Samtidig blir grensekontrollen skjerpa.

I ein fjernsynstale streka Hollande dessutan under at Frankrike skal styrkje rolla si i kampen mot ekstremistgruppa IS i Irak og Syria. (©NPK)

Les også:

Erik Reichborn-Kjennerud er spesialist på sikkerheits- og forsvarspolitikk. Han trur ikkje meir overvaking vil føra til mindre terror.

Petter Nesser har skrive bok om det indre livet i terrorceller og korleis ungdom blir rekrutterte til å bli terroristar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE