Hollande: Nice-angrepet var terror
– Fleire barn er blant dei minst 80 drepne i Nice, seier den franske presidenten
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Frankrike vart ramma på nasjonaldagen, symbolet på fridom, sa presidenten i ein sorgtung tale som vart sendt på tv til det franske folk like før klokka 4 fredag morgon.
Hollande seier angrepet seint torsdag kveld unekteleg bar preg av terror. Presidenten opplyser vidare at fleire barn er blant dei drepne.
Innanriksminister Bernard Cazeneuve stadfestar samtidig at talet på drepne har auka til minst 80. Tilstanden er kritisk for 18 av dei såra.
Grufulle scener
Det var under feiringa av den franske nasjonaldagen at ein lastebil køyrde inn i ei folkemengd som hadde møtt opp for å sjå på fyrverkeriet ved strandpromenaden i byen, Promenade des Anglais.
Bilen heldt fram to kilometer før politiet skaut og drap sjåføren. Vitne skildrar grufulle scener og fortel at vrakdelane flaug i lufta mens bilen pløgde seg gjennom folkemengda. Ifølgje Christian Estrosi, som er leiar for regionen Provence Alpes Cotes d'Azur, var bilen lasta med granatar og våpen. Estrosi var inntil nyleg ordførar i Nice.
– Dette er den verste tragedien i Nices historie, skriv han på Twitter.
Etter angrepet låg fleire titals døde personar på bakken, og stranda ved strandpromenaden vart gjort om til noko som likna eit feltsjukehus, ifølgje lokalavisa Nice-Matin.
Fann ID-kort
Førebels har ingen tatt på seg ansvaret for angrepet. Ei politikjelde seier til nyheitsbyrået AFP at dei har funne identitetskort tilhøyrande ein 31 år gammal franskmann med tunisisk bakgrunn i lastebilen.
– Etterforskarane arbeider for å finne ut om sjåføren handla åleine eller om han hadde medsamansvorne som kan ha flykta, seier talsmann i Pierre-Henry Brandet innanriksdepartementet.
– Kom rett mot oss
Det er mange nordmenn på ferie i Nice for tida, men Utanriksdepartementet har førebels ingen indikasjonar på at nokon av dei er drepne eller såra i Nice. Departementet oppmodar folk til å ta kontakt med pårørande.
Fleire ferierande nordmenn fortel at dei har komme tett på hendinga. Petter Ødegaard seier til VG at gatene var fulle av folk før lastebilen byrja å køyre ned folk.
– Eg kryssa tilfeldigvis vegen for å komme meg ut av folkemengda da det kom rare lyder og skrik. Det var lastebilen som trefte folk. Eg såg folk bli slukt under lastebilen som rasa inn i folkemengda, etterfølgt av masse skot. Da byrja eg å springe mot hotellet, seier han.
Kristian Julius frå Stockholm skildrar angrepet slik overfor Aftonbladet:
– Bilen køyrde utan lys. Han kom mot oss. Vi kasta oss til sida i siste sekund. Det låg fleire døde på vegen. Det var panikk. Folk var hysteriske. Vi sprang ned til stranda i frykt for at han hadde sprengstoff med, seier han.
Grensevakt
President Hollande opplyser at han har mobilisert reservestyrkane i både hæren og politiet på grunn av angrepet. Styrkane blir i første rekkje sette inn i kontrollen av dei franske grensene.
Unntakstilstanden som har vore i kraft etter terrorangrepet som kosta 130 menneskeliv i Paris i fjor, er dessutan forlengd i tre månader.
Blodbadet i Nice skjedde få timar etter at den franske regjeringa kunngjorde at unntakstilstanden skulle vere over 26. juli.
I fjernsynstalen fredag morgon sa Hollande at Frankrike skal styrkje rolla si i kampen mot ekstremistgruppa IS i Irak og Syria etter angrepet i Nice. Inga gruppe hadde så langt tatt på seg ansvaret for drapa på minst 80 menneske under nasjonaldagsfeiringa i den sørfranske hamnebyen. (©NPK)
Les meir: