Mange blir lurt med forfalska festivalbillettar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir lurt med forfalska festivalpass

Festivalsommaren er godt i gang, og mange festivalar er allereie utselde. Slottsfjellfestivalen i Tønsberg vart utselt for festivalpass allereie i vinter. Samtidig er det mange som kjøper og sel billettar til denne og andre festivalar utanom offisielle kanalar – og kvart år er det mange som opplever å bli svindla, enten gjennom svartebørs eller forfalska billettar.

Det siste var tilfelle for venninnene Sandra Alstad (22) og Irina Øhrbon (23) frå Trondheim, som skulle dra på Slottsfjellfestivalen for første gong.

– Ein høyrer om svindel, men du tenkjer jo at det ikkje skjer med deg, seier Alstad.

Skal du på Øya i år? Slik får du ein nynorsk festival midt i Oslo!

Ikkje gyldig billett
Etter å ha leita etter billettar til Slottsfjell i eit par månader i vår, bestemte dei seg for å leggje ut ein «billettar ønskjer kjøpt»-annonse på Finn.no, då dei ikkje ville å kjøpe billettar på svartebørsen.

Ein seljar som verka truverdig tok etter kvart kontakt, og dei betalte han 2.000 kroner kvar for billettane, som dei fekk på e-post. Vel framme på festivalområdet fekk dei beskjed om at billettane var ugyldige, fordi faktura for billetten ikkje var betalt.

– Vi stolte på at alt var ordna, men då vi skulle løyse inn billettane fekk vi beskjed om at billetten ikkje var gyldige. Då stod vi med teltet i handa og tenkte «Kva gjer vi no?», seier Alstad.

– Vil politimelde saka
– Folk er kreative når dei skal lure folk. Det er ein del tilfelle kvart år der vi dessverre må seie nei til nokon i døra fordi billettane allereie er løyst inn. Det er den mest klassiske svindelen – at éin billett blir seld fleire gonger, forklarer Silje Larsen Borgan, informasjonssjef ved Slottsfjellfestivalen.

– Eg vil råde alle til å kjøpe billettar frå folk dei kjenner, det er den einaste måten ein kan reservere seg mot svindel på, seier Borgan.

Alstad og Øhrbon løyste situasjonen med å verve seg som frivillige på festivalen, slik at dei fekk festivalpass i byte mot jobb.

– Vi bestemte oss for å gjere det beste ut av det heile. Vi fekk høyre at dette garantert må ha vore ein profesjonell svindlar, og vi kjem til å politimelde saka, seier Alstad.

Vanskeleg å få bukt med svindel
Sikkerheitsansvarleg i Finn, Geir Petter Gjefsen, stadfestar at dette er ein svindel fleire har vore utsette for.
– Ein tendens vi har sett er at svindlarar har flytta seg over til «ønskjer kjøpt» i staden for å setje ut annonsar sjølv. Vi prøver heile tida å forhindre at svindel skjer, men når det skjer på denne måten legg svindlaren igjen ytst få spor, fortel Gjefsen.

Det er gjerne ekte billettar som vert selde, men dei vert selde til fleire personar, og er dermed ugyldige på festivalen.

– Vi ønskjer heilt klart ikkje at svindel skal skje hos oss. Vi samarbeider med politiet, og vi anbefaler alle som opplever noko straffbart å politimelde det til politiet, og seie frå til oss.

Han anbefaler alle som kjøper billettar på Finn å undersøkje kven det er ein kjøper av.

– Viss det skulle skje noko gale, er det dermed nokon som kan haldast ansvarleg. Kontonummer er også noko av det sikraste ein har, slik at ein har eit spor å gå tilbake til, fortel han. (©NPK)

Les meir:

Me var på Vinjerock i fjor – festivalen som gjerne blir utseld på få sekund. Her kan du sjå korleis det var!

Great News frå Bergen er eitt av banda som vart spådd suksess før festivalsesongen. Me møtte dei der dei spelte sin første konsert.