Det reinaste miljøet i verda er ikkje så reint som vi trur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Nansen ville nå nordpolen med Fram – ekspedisjonen sin 1893-1896, gjorde han ei uventa oppdaging: svart snø! Der, i isen midt i Nordishavet, milevis frå fabrikkpiper og eksosrør, der knapt et menneske hadde vore før han. Korleis kunne snøen vere full av sot?  

Miljøgiftar vert transportert til Arktis
Opphavet til sotet i snøen var store skogbrannar i Russland, og Nansen vart dimed den fyrste som fann prov på at forureining vert frakta med atmosfære og hav og avsett i Arktis. Dette gjeld ikkje berre sot; alle partiklar og kjemiske sambindingar som vert sleppt ut i luft, jord eller vatn på den nordlege halvkule kan, om dei har dei rette kjemiske og fysiske eigenskapane, ende opp i Arktis.

Ingen is på fjorden
I april gjekk eg med tre venninner på ski over Spitsbergen. Turen tok fire veker frå nordspiss til sydspiss på øya, og vi fekk oppleve den arktiske villmarka, tilsynelatande langt frå menneskeleg påverknad. Men alt var ikkje som det skulle. Synlegast var det med all sjøisen som mangla; vi måtte leggje om ruta då det ikkje var is i fjorden vi hadde tenkt å gå på.

Det vi derimot ikkje kunne sjå, var cocktailen av bromerte flammehemmarar, fluorerte sambindingar og pesticid som låg trygt lagra i spekket på den tjukke, gode ringselen som sola seg på isen i Van Mijen – fjorden. Ei heller kunne vi sjå suppa av andre miljøgifter som isbjørnen hadde samla opp i løpet av eit langt liv, då vi såg han bykse fram og drap selen for å fråtse i spekket.

Ei isbjørnbinne med unge. Foto: Torunn Slettemark Hovden

Opphoping i næringskjeda
Ei miljøgift (kalla POP på engelsk: persistant, organic pollutant) er ei kjemisk sambinding som er lite nedbryteleg, hopast opp i næringskjeda og som har ei giftig effekt i ein organisme. Bruksområda kan vere så mangt; i kosmetikk, i insektmiddel, i maling, møbel, skor, biler og plastikk, for å nemne noko. Strukturmessig er dei ei svært divers gruppe molekyl; dei kan vere ringforma, kjedeforma, innehelde klor, fluor eller brom – men har det til felles at dei oftast føretrekker organisk løysemiddel framfor vatn eller luft, ikkje vert metabolisert – brotne ned – i ein organisme, og har ein biologisk effekt når dei er i organismen. Det at miljøgiftene ikkje vert metaboliserte, gjer at den same organismen samlar opp alle miljøgiftene gjennom heile livet (bioakkumulering), inntil han vert eten av eit dyr som er eitt nivå høgare i næringskjeda.

Eit døme er polartorsken, som får i seg miljøgifter gjennom dietten sin av dyreplankton, som raudåte (Calanus). Dei feitt-elskande miljøgiftene vert ikkje skilt ut med avfallsstoffa til polartosken, men lagra i feittet, heilt til torsken vert eten av ein sel. Soleis får kvart nivå i næringskjeda ein høgare konsentrasjon av miljøgiftar enn den førre Dette vert kalla biomagnifisering, og det er særleg i artane på toppen av næringskjeda at det kan nå giftige nivå. I Arktis gjelder dette særleg sjøfugl, sel og isbjørn.

Hormonhermarar
Dei mest kjende biologiske effektane av miljøgifter er at dei kan påverke immunforsvaret og  vere hormonforstyrrande. Dette gjelder til dømes klorhaldige organiske sambindingar, som DDT, som er funne i store konsentrasjonar i isbjørn på Aust-Grønland og på Svalbard.  Ei miljøgift kan vere hormonforstyrrande ved at dei kjemiske eigenskapane liknar dei til organismens eigne hormon, og kan i kontakt med hormonreseptorar i organismen sette  i gang ein biologisk reaksjonsveg som ender i ein eller annan biologisk respons. I Arktis er det ikkje fare for menneske som lever på ein vanleg, vestleg diett, men ein frykter at fruktbarheita og overlevingsevna til særleg marine pattedyr og sjøfugl kan svekkast.

Figuren forklarar biomagnifisering. Henta frå Mercury Science and Policy at MIT.

Manglar fullstendig bilete
Industrien har produsert over hundre tusen ulike typar kjemisk framstilte sambindingar, og dei biologiske verknadene er kjent for berre eit fåtall av dei. Det er tidkrevjande og vanskeleg å finne konsekvensen av eit kjemikalie for ein gitt art; Ein organisme er sjeldan utsett for berre eitt kjemikalie om gangen, i tillegg til at ein rekke andre stressfaktorar speler inn på levedyktigheiten der organismen lever i sitt naturlege miljø.

Framsteg
Stockholmkonvensjonen er ein internasjonal miljøavtale som forbyd produksjon av visse kjemisk framstilte sambindingar. 12 miljøgifter vart forbode i produksjon då konvensjonen trod i kraft i 2004, seinare er fleire lagt til. DDT er mellom dei, men var forbode i mange land allereie på 70-talet, og ein ser difor ein nedgang i DDT-konsentrasjonar i isbjørn i Arktis i dag. Diverre er det berre éin av mange tusen kjemikaliar som potensielt kan ha svært negative fylgjer for dyrelivet i Arktis, og no er det særleg ulike typar fluor – sambindingar som uroer forskarane.

Usynleg
Så det var ikkje berre ein fryd å oppleve bjørnen som fanga sel på Van Mijen. For der vi gjekk vidare sørover på vår litle ekspedisjon, med sola i andletet og majestetiske brefrontar for auget, visste vi at sjølv ikkje isbjørnen, som hadde funne både is og sel i Van Mijen, gjekk fri frå konsekvensane av vårt industrisamfunn.

Denne artikkelen er levert av ein ekspedisjon som reiste over Svalbard, sponsa av mellom anna Framtida.no

Her kan du lesa om dei fire jentene, dei to bikkjene og den eine seljefløyta som reiste på tur.

Ting går ikkje alltid etter planen under feltarbeid på Svalbard – les reisebrevet her.